Arkiv

CQD-Kalender

mai 2012
S M T O T F S
« apr   jun »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  

Kategori

Dagsarkiv: 24. mai 2012

Dystert eller Vakkert?

De som les bloggane mine har no vel merka at «Play My Tune» har fått nytt liv i det siste. Eg har nemleg fått ein konkurrent. Han er attpåtil ifrå kyrkjelyden eg fer ifrå då denne bloggen starta opp.

Han som skriv blogg på Finnsnes heiter Jon Blamire, og kjem ifrå USA. Då han no freidig kastar seg inn i å lære seg norsk, og skriv så fint om naturen her til lands har eg ikkje noko å unnskylde meg for. Då eg har fortalt mange kor glad eg er i nynorsk, er det vel også på tid at eg skriv han! Eg vonar at han duger.

Eg vert like mykje student på nynorsk her som kollegaen min på Finnsnes snart kjem til å vere på bokmål! Eg får i alle fall prøve meg. Dei seier øving gjer meister!

Jon spør om det eigentlig heiter solnedgang eller soloppgang. Det er jo fyrste gong han røyner midnattssola. Eg kan godt tenkje meg kor eksotisk ho må vere til dei som kjem ifrå utlandet.

Dystre eller vakre?

Er desse skyene dystre eller vakre?

Denne bloggen heiter «CQD» fordi han ofte handlar om dystre saker. Så skriv eg av og til om kultur, og ymse andre ting for at det ikkje vert for dystert. Då Jon no spør om sola, og om det eigentlig er «god natt» eller «god morgon» får eg spørje om skyene me så over Lødingen i dag var dystre eller vakre å sjå på. Eg synast dei var begge delar!

Eg meiner å huske at nokon sa meg at kunstnarar likte Nord Norge då eg fyrst kom til Lødingen i 1994. Den turen har eg og skrive om i «Play My Tune» – og desse skyene gjer dei rett i det! Sjølv om dei er dystre er dei jamvel også vakre!

Kollegaen min seier at han ikkje veit om han nokon gong kjem til å gå lei av å sjå ut or vindauget sitt, men at det ikkje vert med det fyrste. Eg får trøyste han at heller ikkje eg har tenkt å holde opp med dette, sjølv om eg no har vore mange år i dette landet.

Fagert er landet du oss gav, Herre vår Gud og vår Fader!