Arkiv

CQD-Kalender

juli 2012
S M T O T F S
« jun   aug »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  

Kategori

Månadsarkiv: juli 2012

Lødingen fotoklubb!

Lødingen Kirke

Lødingen Kirke

Då eg sist spela i Lødingen og Vestbygd hadde Lødingen fotoklubb. Han skal visst no liggje i dvale.

Sidan den gongen har jo teknologien komme mykje lengre. Me har digitale fotoapparat. Det inneber at nesten alle kan bruke effektane som før ein måtte ha dyre utstyr til. Eg har vorti glad i svart og kvit. I det siste har eg byrja å eksperimentere med dei ymse filtrene ein kan bruke.

Det er jo akkurat no eg skulle ynskje me hadde fotoklubben! Eg synest det er spennande å sjå kva slags resultat det vert av det eg leikar med!

Eg skulle gjerne betalt kontingent, og vore med på klubben hadde han framleis funnest. Då vil eg spør, finst det nokon i Lødingen eller Vestbygd som og er interessert i fotografi? Eg vil gjerne kveikje fotoklubben vår ut or søvnen sin!

Ta kontakt!

 

Til minne om Kari Minde

Kari Minde

Kari Minde (kvil i fred)

Kari Minde gjekk bort i fjor. Eg saknar ho.

Me møttest for fyrste gong i Arna kyrkjekor. Då var eg nytilsett kantor, og det gjekk ikkje alt for lenge før eg oppdaga at nokon syntest noko om meg! Eg skulle seinare konstatere at ho Kari samla så godt som alle avisklippa om meg. Då eg sidan slutta fekk eg lese omtalen frå den veka eg starta der!

Eg jobba der i litt over sju år, og fekk mykje godt av denne dama. Diverre har eg eit einsamt yrke. Mange har jo sagt dette før, men det stemmer. Det hender eg av og til undrast kvifor dei krev så høg kompetanse innan kyrkjemusikk då alle som sit i kyrkjebenkane gjerne veit jo så mykje meir enn me som har utdanna seg til jobben. Likevel vart ho Karti nesten som ein mor for meg då dei som kritiserte meldte seg.

Kari var ei herleg dame. Medan eg fekk lappen så seint som eg var førti år gammal, fekk eg høyre frå ho Kari at ho fekk han då ho var godt over femti år! Dette seier vel noko om ho då ho skulle jo vere med på alt i kyrkjelyden – ho ville berre oppleve alt ho kunne.

Eg skal aldri gløyme ein tur til Vik i Sogn (1999). Koret var saman med mange andre kor i Bjørgvin, og me hadde ein konsert der og gjorde ein fin dag av det heile. Kari var på toppen denne dagen.

Diverre sleit Kari med helsa si. Dette skjulte ho ikkje. «Men eg er jo godt over åtti år gammal», ville ho seie med ein smil. Likevel merka eg at ho ikkje hadde det godt. Då ho mista føreretten vart ho veldig deprimert. Ho budde ikkje gunstig i forhold til det kollektive transporttilbodet, og vart meir og meir tvinga til å holde seg heime. Det var omtrent då eg sjølv fekk bil, og då byrja eg å vitje ho.

For alt ho sleit med helsa, depresjon og dårleg sjølvbilete gjorde Kari kva ho kunne gjere. Utan vel ho visste kva ho gjorde kan me kan ta lærdom av ho i dag.

«Gjer det lille du kan» heiter ein gammal salme. Eg har ikkje familie, og som eg allereie har vore inn på har eg til tider møtt vande i jobben min – anten det har vore kritikk eller usemje på arbeidsplassen. Kari visste at eg ikkje hadde nokon familie. Så sette ho seg føre for at ho ville støtte meg «då det ikkje var andre her som ville gjere det!» «Eg kan ikkje gjere så veldig mykje», sa ho, «men eg kan støtte kantoren vår!»

Dette vart til Kari si jobb, og eg tvilar ho skjønte kor viktig denne jobben var. Det er noko å tenkje på om me er fortvila over stoda til verden me leva i, eller kjenner avmakta ovanfor vondskapen i han. La oss gjere det lille me kan!

Eg lyser fred over Kari sitt minne.

 

 

6500 KR til å skjære i penisen

Omskjæring av gutter fortsatt lovlig i Norge

Omskjæring

Omskjæring hos gutter. Fotograf: Dr Milton Sales (fra Wikipedia)

Jeg er oppgitt. Staten skal altså ikke forby omskjæring av gutter her til lands.

Anne Grete Strøm-Erichsen skuffer meg. Hun sier at Norge ville vært helt alene om omskjæringen ble forbudt. Vi skal med andre ord tillate at voksne skjærer vekk en del av penisen til smågutter!  Jeg fatter ikke hva slags logikk dette er! Man går ikke inn for å forby (eller tillate) noe på grunn av hva andre gjør. Man gjør det fordi én mener noe er rett eller galt!

Hva andre gjør!

Det helseministeren egentlig skulle sagt er at at vi da ville vært de aller første å forby denne grusomme praksisen. Nå må jeg innrømme at jeg var sjokkert for ikke så lenge siden å oppdage at de fleste amerikanske menn var omskåret. Dette var noe jeg trodde var noe som hørte fortida til, men det har vært så vanlig i USA at man faktisk bør si ifra dersom én ikke vil at sin nyfødte baby skal omskjæres!

Hvis staten skal betale for inngrepet vil det koste om lag 13 millioner kroner per år om 2.000 gutter skal omskjæres – NRK.

Å kalle dette sjokkerende er for mildt. Her snakker vi ikke om noe som helst vitenskapelig grunn for noe som blir gjort i det landet som Norge har allianse med! Hadde det vært for religiøse grunner, som er grunnen til at Staten her til lands må ut med cirka 6500 KR per penis, så hadde det vært ille nok – men her er det altså ingen god grunn annet enn tradisjon. Glad som jeg er i språk er jeg likevel ordfattig når World Health Organisation faktisk ønsker at afrikanske menn skal omskjæres fordi de mener dette skal beskytte dem mot AIDS!

Og så trodde lille enfoldige jeg at overtroens tid var forbi! Etter det jeg har lest er det ingen grunn til å skjære i penisen som helst, men at man til stadighet finner falske helsegevinster for å rettferdiggjøre hva det er så sterke tradisjoner for. Dermed blir folk blind for fornuften. Etter den ene grunnen blir tilbakevist finner folk nye grunner for å gjøre noe som opplagt er galt!

Påskudd om omskjæring

Grunnen til den amerikanske tradisjonen var faktisk en overdreven frykt for onani i tida til lege John Harvey Kellogg! Jeg begynner å slite ut utropstegnene her. Det var jo denne samme frykten som stod bak myten om at én kunne miste synet, og bli gal! Så har det også blitt hevd at det å skjære vekk en frisk del av penisen gjør at den er lettere å holde ren. Også dette er nå tilbakevist. Det finnes mange grunner, og det siste er dette med AIDS.

Personlig synes jeg WHO sitt råd om omskjæring er forkastelig. Det er vel et tilfelle av «lies, damned lies and statistics» når de viser til forskjellige undersøkelser som skal vise at smittefaren for HIV blir mindre hvis du er omskåret. USA er jo det vestlige landet med den høyeste promillen menn som er omskåret – rundt 80% selv om dette tallet nå kommer til å synke. Så er det også det vestlige landet som ligger på toppen med HIV-infeksjoner, og er til og med opphavet til dagens epidemi (ja, jeg vet at forskerne «tror» det begynte i Africa, men sykdommen som vi kjenner det kom først til syne i USA tidlig på 80-tallet).

Etter at alle påskudd for å gjøre noe så barbarisk som å fjerne tippen av penisen til smågutter blir tilbakevist – og påskuddet om HIV-beskyttelse nok er bare det siste av slikt – sitter vi igjen med religiøse grunner. Da blir det for svakt!

Vi burde vært de første!

Dette handler som sagt ikke om hva andre gjør, Anne Grete Strøm-Erichsen! Det handler om å gjøre det som er rett! I 1979 mener jeg å huske at Sverige innførte totalt forbud mot fysisk avstraffelse av barn – noe de da var helt alene om da de gikk imot en praksis som den gang jo var akseptert hos de fleste. Hva om de hadde heller sagt som du, at det ikke ville bli forbudt å slå barn fordi det ikke var et eneste land som gjorde det samme? Antagelig hadde historien blitt annerledes, også for oss, hvis ikke de hadde startet forandringen og hvis ikke Sverige hadde turt å gå foran og ta et oppgjør med noe de prinsipielt mente var galt.

Jeg finner det riktig å minnes hva som skjedde meg i fjor. Da ble jeg norsk, og avga løfte om å respektere blant annet norske lover, norske verdier og demokrati. Mener vi altså at det er riktig å la folk skjære bort i penisene til ungene sine? Er dette norske verdier? Nei, det kan jeg aldri tenke meg, og jeg oppfyller mitt løfte ved at jeg nå sier ifra i denne bloggen!

Vi må gjøre hva som er rett. Vi må gjøre det fordi det er rett, og ikke fordi andre gjør det. Vi må ikke la være med å gjøre det som er rett bare fordi andre ikke gjør det. Omskjæringen hører ikke denne opplyste tida til. Den må forbys!

 

Sommar i Lødingen

Tips! Du kan klikke på bileta for å få høgare oppløysning…

Trass tvilen til etterfølgjaren min på Finnsnes kan me oppleve sommar, også her til lands. I går fekk me det aldeles fint. Eg måtte berre ut med fotoapparatet. Desse er bileta mine!

Kåringen

Nær Kåringenkrysset, Lødingen

Eg har allereie skrive om «kongen». Dette er namnet eg kalla eit fjell mellom Lødingen og Vestbygd. Dette fjellet heiter eigenleg Sneistind – eg stava jo dette litt feil i engelskbloggen min siste gong eg skreiv om det. Til alt hell finnast det fleire som skriv blogg. Eg var nemleg inne på sida til ein familie som driv gård der. Då skjønna eg rettskrivinga! Så ville eg ha fleire bilete av dette fjellet i det nydelege sommarveret.

Kongen

«Kongen» solar seg!

Eg har også skrive om eit anna fjell – Hesten! Det vilje eg avgjord og ha eit bilete av på så fin ein dag! Her fant eg framleis at svart og kvit tente meg best, sjølv om eg også tok mange farga bilete .

Hesten

Hesten i sommarveret

Me har og eit fjell som, litt avhengig om årstida kan sjå litt skummelt ut. Eg veit ikkje kva dei kallar det, men eg har alt gjeve det namnet «Hovudskalle ». Om hausten er det spesielt merkbart. Då kan ein sjå to augo som glitrar når regnvatnet kastar tilbake solljoset. Kanskje du kan sjå denne hovudskallen i dette biletet?

Skull

«Hovudskallen»!

Så kjørte eg tilbake til Lødingen, og etter at eg hadde parkert bilen gjekk eg straks ned til strendene våre! De som las engelskbloggen i går veit at eg siterte bloggen til kollegaen min på Finnsnes. Han hadde jo skrive at det ikkje var så mange strender med sand her i Norge. Eg måtte berre lyse ut kva for nokre fine strender me kan by på her!

Spell

Ungdom spel fotball ved stranda

Likevel var det jo sand kollegaen min sakna, og så har eg tatt desse bileta. Eg har tatt mykje meir og sydd dei saman til eit! Då kan han sjå seg 360 grader runt ei av strendene våre. Sand har me rikeleg her i Lødingen. Me har faktisk fleire strender med den. Her er det berre å komme viss du er turist! Me treng pengane dine:)

Familietur

Ein familie nyttar sommarveret på stranda

Sjå godt på dette…. her er det sand: du treng ikkje leite lengre enn Lødingen!

Sand

Ei strand i Lødingen – med sand!

Om du lurar kva det er som ligg strødd over sanden, er det berre tang! Manglar me endå noko i det heile tatt for at me skal vere fullverdig badeby?

tang

Tang

Då har eg jo jobba hardt for å selje Lødingen og Vestbygd! Det er berre å stikke innom og vitje oss. Som det ein gong heit på ein kommunebrosjyre, Lødingen – ein god del av Norge! Velkommen skal du vere!

Sand

Sanden har me rikeleg av!