Arkiv

CQD-Kalender

august 2012
S M T O T F S
« jul   sep »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031  

Kategori

Dagsarkiv: 10. august 2012

Min, din, vår – eller deira?

Lødingens frekvensar har kvikna opp til liv att

Lødingens frekvensar har kvikna opp til liv att

Språket er noko underleg. Etter fleire månadar utan at det har vore sendingar frå lokalradioen vart det starta opp att i dag. Denne gongen har me fått Radio Bø som konsesjonær.

Rett nok er det betre enn ingenting, men eg fekk ei viss kjensle av vemod då frekvensane våre kvikna opp til liv i dag.  Som kjent vart Radio Lødingen nedlagt ved nyttåret. Sidan då har det vore stille på 106,8 Mhz og 105,2 Mhz. Sjølv om eg ikkje var nokon fan av «dunk dunk»-musikken som regel dei sendte heile døgeret har eg sakna vår radio i bilen. Når eg har køyrt ut or Lødingen, eller har kommi heim att var det fint å høyre når eg nærma buplassen min, jo som bilen fanga opp vårt signal.

Det har med andre ord med eigedomsforhold å gjere. For meg er 106,8 Mhz og 105,2 Mhz framleis våre frekvensar, sjølv om eg nok skal venje meg til at det no er Bø sin region. Likevel skurrar det litt for meg då eg høyrer «din eigen lokalradio», noko som går att på Radio Bø og som ein og kan sjå på teksten i bilradioen.

Det skurrar nettopp på grunn av dette ordet «din». Er radioen «min» altså? Kan hende dei marknadsfører oss enkelte individ, og at eg såleis er målgruppa. Ikkje dess mindre vert han verande «vår» til meg. Han vert det alltid, også no at radioen korkje er min eller vår – men deira!