Arkiv

CQD-Kalender

september 2012
S M T O T F S
« aug   okt »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

Kategori

Månadsarkiv: september 2012

Oppgraderingsplikt for tvangslisens

Eg er kjempe skuffa med NRK. Denne gongen er eg faktisk så irritert på dei, at eg seier rett ut at det er på tid me avskaffar lisensen. Dei har nemleg bytt ut noko som verka godt med noko som ikkje duger i det heile tatt – unnateki dei privilegerte nerdane som har det siste datautstyret og programvaren.

Alt før eg vart kasta ut som sjåar på NRK såg eg svært lite på TV. Hjå meg skjedde det ein revolusjon då eg i 2006 høyrte på Alex Jones sin radiosending for fyrste gong. Istaden for å sjå på TV om kvelden byrja eg då å høyre på han over Internettet. Sidan har radioen via Internettet fått meir og meir. Eg har no og ein spesiell Internettradio som ser ut akkurat som ein vanleg radio, men som tar inn radiosendingar ifrå heile verda. Han er spennande å bruke. Difor har eg nærmast slutta med TVen som så.

NRK hadde ein nett-TV som eg vart glad i. Eg kunne sjå på TV-sendingane deira når det passa meg. Så måtte dei forandra det! Far min hadde vane å seie «if it ain’t broke, don’t mend it». NRK har tydelegvis ikkje skjøna det. Dei har då bytt ut denne nett-TVen for ein ny, som dei visst kallar for ein «splitter» nye «løysning» – men som ikkje verkar hjå meg. No hakkar biletet så mykje at eg ikkje kan bruke han lenger.

Det som erga meg mest var korleis dei proklamerte kor bra den nye nett-TVen var, men (som eg fort såg ifrå ein nettdebatt) valde bort dei kritiske røystene. Eg var ein av desse.  Det er nemleg nokre som ikkje kan sjå den nye nett-TVen. Eg er også ein av dei!

NRK prøvde riktig nok å hjelpe meg, men så har det vist seg at maskinen min ikkje kan bruke dei nyaste oppdateringane som krevst. Det viser seg at det har med skjermkortet mitt. Løysningane NRK foreslo for meg viste seg å vere «ikkje kompatibel» med min maskin. Så sitt eg utan, fråteken mogeligheita å kunne sjå på nett-TV frå NRK.

At eg ikkje har noko problem å sjå nett-TV ifrå BBC (som også brukar flash) seier meg berre kor dårleg det norske produktet er. Eg trur at her til lands reknar dei berre med at folk skal ha det seinaste i datautstyr, og forventar dei som ikkje har det pent skal gå ut og skaffe seg det. Difor treng dei ikkje take omsyn til oss som av diverse årsaker ikkje kan byte ut maskinen sin kvart år!

Eg opplever dette nærmast som ein forventning at eg berre må oppgradere. Eg kan i alle fall ikkje sjå NRK nett-TV utan at eg gjer det. Tek eg difor kostnaden av å kjøpe meg ny datamaskin kvart tredje år inn i rekneskapen, saman med lisensen som eg no har så lite glede av, vert den eigentlege prislappen for TV-lisensen mykje større.

Jo, men dei forlanger vel ikkje at eg skal få ny maskin om tre år? Nei, men det gjorde dei heller ikkje denne gongen, men det nok er det eg må gjere skal eg sjå på nett-TVen deira. Lat oss seie at eg no skal gjere det, kva då skal hindre dei å lage atter ein ny nett-TV om tre år til – teknologien går jo fort fram? Og då er me kanskje tilbake til same sted, og eg må skaffe meg nok ein maskin.

Eg seier avskaff heile lisensen! Så kan me få og betale for det me har bruk for. Eg ser jo ikkje på TV-lenger – eg skal berre tene på det.