Arkiv
CQD-Kalender
oktober 2012
S M T O T F S
« sep   nov »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  
Kategori

Ruinane åt ei forsvunnen verd

kvil i fred

Dei som les engelskbloggen min har nok merka seg at éi sak har overtak for tida. Ungdomsskulen eg gjekk på (i Storbritannia) skal nemleg jamnast med jorda!

Han heiter «Outwood Academy Adwick», men på mi tid heitte han berre «Adwick School». Mellom 1998 og 2001 vart skulen lagt under administrasjon. Så vart namnet endra i 2002. Han vart då kalle «North Doncaster Technology College» før han for to år sidan fekk namnet bytte atter ein gong – til det namnet skulen har i dag.

I fjor vart det så friskt eit ordskifte på grunn av planane åt den nye skulen at også eg fekk høyre om det her til lands. Dette skjedde då eg las nyheitene frå heimbyen min. Dei skulle nemleg føre opp eit heilt nytt skulebygg, men ikkje nok med det – dei skulle og rive den gamle! Ikkje noko skulle verte att av han! Det vart eit ramaskrik ifrå tidlegare elevar.

Protestane førte ikkje fram, og planane vart godkjende. Så sette dei i gong, og sidan har ting gått veldig fort. No er nyskulen nærmast ferdigstilt, og det er ikkje mange dagar til dei flyttar ut or den gamle. Dagane til min skule er dimed talte.

Dagens skule har offentleggjorde nokre bilete av den nye konstruksjonen saman med gamleskulen min. Eg ser at den nye skulen kjem til å vere ganske bra. Denne er jo bygt for tida no i dag medan min skule er frå ei anna tid. Eg må vedkjenne at dette synast.

Ikkje dess mindre føler eg vemod når eg tittar på desse bileta. Her var eg gut, og her var verda mi då så ny. Når eg ser dei slitne falleferdige bygga, som den gong ikkje var gamle, så ser eg at den verda er forbi.

Også er det dette denne saka kokar ned til: ikkje berre at eg har vorte gammal, men at den verda kompassnåla mi framleis pekar mot no er borte i all æve. Desse bileta viser meg difor ein ruin ifrå den forsvunne tida. Snart vert desse siste restane frå den verda tapt.

There is now an English translation for this article. Click here.