Arkiv

CQD-Kalender

oktober 2012
S M T O T F S
« sep   nov »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Kategori

Dagsarkiv: 17. oktober 2012

Nynorsk bibel!

Bibel

Eg har tinga ein ny bibel – på nynorsk!

Eg er spent! Snart skal eg få ein ny bibel!

Siste gongen eg kjøpte bibel var i Trondheim. Det var nokre år sidan. Då var eg ny i Norge, men den gongen som no synast eg det var dyrt å bu her. Difor val eg ein bibel andre ikkje ville ha. Han skulle hatt namnet til ein konfirmant trykt opp i gull, men namnet vart stroke ut. Eg trur det var stavefeil. Min bibel vart lagt ut på billegsal.

Her i Lødingen har fleire av oss i kyrkja tinga ny bibel i samband med den nye oversetninga. Kyrkjeverja tinga desse biblane, og kyrkjelydane våre får nyte av momskompensasjonen.

Kyrkjeverja spurde meg om eg ville ha. Eg tenka då at det vel var på tid at eg hadde ein ordentleg bibel i skinn! Så skulle han overrekkja meg ein han alt hadde fått levert. Eg ville sjølvsagt ikkje ha han! Nei, skal eg kjøpe ein ny bibel i dag må han opplagt vere på nynorsk!

Bloggen min vart omgjort til nynorsk denne våren, og eg har ikkje tenkt å gå tilbake til bokmål. Eg synast ikkje noko av norske ungdommar sin negative holdning til nynorsk. Om dei synast nynorsk vanskeleg gjer det meg berre meir interessant og di meire trår eg etter å kunne bruka han! Eg vert lei meg når enn eg ser at dei heller brukar engelsk slik at det går ut over deira eigen kultur. Så snakkar dei på dialekt som ligg langt næmare nynorsk enn han er til bokmål!

Anten det er nynorsk eller bokmål vil eg nemleg ynskja dei sat meir pris på morsmålet sitt! Då eg budde i Bergen hende det at eg gjekk på gudsteneste i den anglikanske kyrkja når eg var fri frå jobben. Fyrste gongen eg gjorde så, tok eg nesten til tårene. Morsmålet treffer på ein måte b-språket aldri kan, uansett kor godt ein måtte meistra det. Enn dei ville skjønna dette før det vert for seint!

Eg synast ikkje det er noko kult å bruka engelske songar i gudstenester viss ein istaden kan bruka norsk. Eg synast heller ikkje at nynorsk er «noko drit» – men mogelig var denne haldninga til nynorsk det! Som ny statsborgar meiner eg derimot at nynorsk er vakkert, og noko eg strever etter for at eg og skriv slik det vert dette språket verdig.