Arkiv

CQD-Kalender

oktober 2012
S M T O T F S
« sep   nov »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Kategori

Dagsarkiv: 19. oktober 2012

Redd Sterilan Såpe!

Motane er skapte

Sterilan Såpe

Sterilan Såpe – kvil i fred?

Då eg var student delte eg rom med ein økonomistudent. Ein gong kikka eg i ei bok han studerte. Det endra korleis eg så på verda.

Før eg las i boka hans trudde eg at motane spontant oppsto med samtida. Eg har aldri fylgt dei, og såleis har alltid vore annleis heilt ifrå skuledagane mine. Dette vart eg og mobba for. Eg trudde feilen låg hjå meg sjølv. Nokre gonger lét eg meg overtale til å gå i merkekler, men eg røynde dette som kunstig. Det var ikkje «meg».

Den dagen eg las i denne boka vart augo mine opne. Eg fekk lære at motane er skapte. Det finst nemleg forretningsfolk som møtest bak lukka dører, og desse bestemmer kva som skal vere neste motet. Så går alle folk av huset ukritisk for å kjøpe desse varane! Siden eg las dette skjønna eg at feilen heller låg hjå dei!

Eg har altså aldri vore eit flokkdyr. Eg kunne ynskje folk ville tenkje for seg sjølv. Det er ikkje berre ymse produkt dei har kjøpt, men også sanninga – i alle fall den «sanninga» sånn som ho vert framstilt av desse mektige elitane. Dei seier «dette er kult» og sauene seier «bæ, bæ kult»! Dei forteljar oss at noko ikkje sel bra, og me aksepterer dette utan spørsmål når varar forsvinner frå butikkhyllene.

vonar eg at ikkje ei slik avgjerd ligg bak at Sterilan Såpe nå har forsvunne. Ho er ikkje å finne noko lenger her i Lødingen, men eg fekk tak i ho i Harstad. Eg synest denne såpa er mykje betre enn alternativa, og eg har brukt ho heilt ifrå 1991 – når eg ikkje har fått Imperial Leather sendt ifrå England.

Særleg bekymringsfull er nettsida til produsenten Lilleborg AS. Denne klassiske såpa glimrar nemleg med sitt fråvære. Eg ringte Lilleborg for tre veker sidan, og dei hevda at dei ikkje hadde slutta å produsere denne såpa. Dei  fortalde meg at det nettopp var komme Sterilan Såpe til ein av butikkane våre. Dette har i mellomtid viste seg ikkje å stemme, og butikkane her seier at dei har slutta å selje ho.

Eg vil helst ikkje lyse fred over minnet hennar. Folkens! Ikkje tru dei blindt om de høyrar at Sterilan er borte fordi ho ikkje er «inne» lenger, og at ho ikkje sel noko meir. Ho sel ikkje fordi dei som sit bak lukka dører har trekt ho frå butikkhyllene. For berre eit år sidan selde ho såpass bra at det vart skrive om ho – at emballasjen ikkje var forandra sidan 50-tallet.

Har du også merka at Sterilan Såpe er borte, eller kan du framleis kjøpe ho? Hjelp meg redde ho!

Redd Sterilan Såpe!!