Arkiv

CQD-Kalender

november 2012
S M T O T F S
« okt   des »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930  

Kategori

Månadsarkiv: november 2012

Bulk i bilen

Kia

Dette er den flotte bilen min. Det er ein KIA. Diverre vart han bulka i dag, utan at nokon har sagt ifrå!

Desember i fjor fekk eg ein splitter ny bil, og denne veka hadde han fyrste service. I dag kom ein dempar på gleda. Nokon har bulka han, truleg ein såkalla «parkeringsbulk».

Det urovekkjande med dette er kva dette speglar av samfunnet vårt. Med eit einaste søk på nettet fekk eg lese at dette ikkje er uvanleg. Åtte av ti Nordmenn stikk av uten å gjere opp for seg når dei har valda skade på ein bil. Dette er skammeleg – men me eig ikkje skamma!

Også her på Lødingen seier folk at dette er eit problem dei kjenner til. Førre månaden syntest eg synd på kollegaen min som har overteke mi gamle stilling på Finnsnes. Han hadde nettopp kjøpt seg ein god liten bruktbil, og så hadde nokon køyrt på denne bilen medan han var parkert ved Finnsnes Kyrkje. Nokon, altså, som ikkje sa ifrå og berre stakk av!

No skal eg takka den gode Herre for at hjå meg er skaden berre kosmetisk. Kollegaen min kunne ikkje køyre dagen hans bil vart skada. Eg må likevel byrja å tenkje på korleis eg skal rette opp bulka eg har fått, og ikkje minst kvar eg skal hente pengane frå.

Nordmenn er et uærlig folkeslag!

I hvert fall når det gjelder viljen til å gjøre opp for oss når vi skader andres eiendom. Som å kjøre på en bil, og deretter stikke av fra regningen. Dermed påføres den uskyldige part utgifter på tusener av kroner, direkte og eventuelt via bonustap.http://www.klikk.no/motor/bil/article584408.ece

Mest av alt er eg lei meg for denne utviklinga i samfunnet. For ein reklame me har for andre! Kollegaen min kom nemleg ifrå South Carolina i Dei foreinte statar, og han har framleis mykje kontakt med vener der borte. Så får dei høyre om landet vårt både på godt og vondt!

Som (relativ) ny landsmann beklagar eg dette på det sterkaste. Eg meiner me må ha morallære att på skulen for å hindre at samfunnet går i oppløysing. Som det vart sagt på statborgarseremonien min, «Du skal få etter behov, og yte etter evne». Det krev gjensidig hjelp og respekt for kvarandre. Holdar me fram slik, kjem me til slutt at me ikkje vil kunne stole på nokon – og heile fellesskapet vil såleis stå for fall…

Fortsatt fri for Sterilan

Eg viser til forrige innlegget mitt. Lilleborg AS sendte meg ein e-post, og dei hevda at Sterilan Såpe framleis var å finne her i Nord.

Det er han ikkje.

Sterilan Såpe har vore borte no i nesten tre månader. Det er ikkje ein butikk som sel han lenger her i Lødingen!

Synd!