Arkiv

CQD-Kalender

desember 2012
S M T O T F S
« nov   jan »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Kategori

Dagsarkiv: 17. desember 2012

Ebeneezer Scrooge, kom du attende – alt er tilgjeve!

John Leech [Public domain], via Wikimedia Commons

BAH HUMBUG! John Leech [Public domain], via Wikimedia Commons

Eg bryr meg ikkje om jula! Hjå meg ser du korkje tre eller julepynt. Huset ser aldeles som normalt.

Det betyr ikkje at eg ikkje har det godt. Og om eg likevel ikkje har det godt har dette i kvart fall ikkje noko med jula å gjere! Det er lenge eg brydde meg om ho. Siste gong var dei åra etter far min døydde – og då berre som reaksjon på bortgangen hans. Eg hadde eigentleg slutta med jula allereie då eg kom til Norge i 1991.

Dette er fordi eg ikkje har nokon familie lenger, og bur åleine. Eg medgjev det. Det eg har problem med er kva andre tyder om dette. Ja eg trur faktisk at for mange er det eit problem at nokre ikkje feirar jula, og då meiner eg sjølvsagt deira omgrep av kva jula er…

Så høyrte eg på NRK Nordlandssendinga i dag at nokre synest synd på slik som eg. Dei ynskjer å invitere einslege å komme og vere hjå dei – ein av fire skal visst plagast av å vere einsam i jula. All ære desse, for dei som opplever det slik, men eg minnest krosstorget Radiators for Norway. Det er nemleg viktig at ein ikkje har stereotype om folk som er åleine i denne tida.

Eg har alltid vorte åleine. Det var ikkje som eg eigentleg hadde vilja livet skulle vere, men det vart slik. Tidlegare gjekk eg og tenkte mykje på det, og då jula kom var det vanskelegare. Likevel ville eg har tenkt meg om før eg takka ja til slike innbedingar no.

For det har eg nemleg vart med på. Og ikkje misforstå meg: dei som står bak desse initiativa meiner det berre godt. Likevel hugsar eg nedturen som alltid følgde når eg gjekk på ein julesamling for einslege: einsemda mi vart berre stadfest av at eg hadde gått dit, og eg vert berre meir merksam på ho. Om eg difor ikkje var deprimert før eg gjekk på desse samlingane vart eg deprimert då eg gjekk ifrå dei!

Det var den gongen. I 2003 hadde eg ei oppleving som forandra livet mitt. Eg vart alvorleg sjuk, og måtte kjempe for å komme på beina att. Sidan då har eg ikkje tenkt så mykje på min einslege stand fordi eg ikkje maktar å gjere noko med han likevel. Sidan sjukdommen min har eg ikkje vilja gå og tenkje på det som nettopp berre vil gjere meg deprimert, men heller nyte det livet som eg har og ting som eg faktisk er i stand til å gjere noko med! Det er ikkje at eg har resignert meg til einsemda, meir at eg har akseptert og elska meg sjølv for det eg er! Som ein ven på fjesboki uttrykte det «eg er i eit komplisert forhold med meg sjølv»…

Eg feirar faktisk jula på min eigen måte. Jula er ikkje shopping, pynt, nissar,og juletre; men høgtida når me minnest Jesu fødsel. Han set eg mi von til, også no eg ikkje har familie noko lenger.

Så har eg eigen tradisjon (berre) annen juledag. Då eg var omtrent fjorten år gammal fekk eg lov å prøve eit glas portvin på denne dagen. Foreldra mi åtvara meg at eg ikkje skulle drikke det med ein gong som brus, men eg ville sjølvsagt ikkje høyre på dei – og då måtte eg leggje meg to timar på sofaen av di eg vart så svimmel! Kvart år tek eg no eit glas port på denne same dagen. Medan eg ikkje drikk han som den ungguten, er det eit fint høve for meg å minnast familien min.

Sjølvsagt set eg og opp kort som de sender meg, men du vil ikkje sjå noko juletre hjå meg. Bah! Humbug! Kom du attende Scrooge – alt er tilgjeve!

Skulens siste dagar

Adwick School

Her har eg ikkje vore sidan eg var 16 år gammal! No vert ungdomsskulen min borte for alltid.

Adwick School (ungdomsskulen min) har dominert engelskbloggen i over eit år. Også her på CQD-bloggen har eg skrive om han. No går det mot slutten.

Forrige veka opna skulen for tidligare elevar slik at dei kunne sjå han ein siste gong. Denne veka er det nemleg siste gongen skulen skal brukast, og når elevane går heim att denne torsdagen er det snipp, snapp snute – eventyret er ute. Lærene skal flytte sakene sine til nyskulen i romjula. Skulen min vert då jamna med jorda i det nye året.

Blant desse gamle elevane var to av mine eigne skulevener, Deborah Grace og Jill Jenkins. Dei sende meg bilete frå skuleturen sin. Eg trur dei delar vemodet som eg og har skrive om i begge mine bloggar. Det er ei merkelig kjensel. Verda vår går no under!

Visst veit eg at ho er alt borte allereie i dag. Gamleskulen er kun eit skal, og det som var vår verd er fare ut or det for lenge sidan. Likevel kjenner eg meg vemodig idag! No nærmar det seg. Den siste leivninga etter barndomen vår snart skal vere borte.

Mon tru det er ei påminning om dauden som gjer denne tida så spesiell – at me kjenner klumpen i halsen over noko som me var ferdige med for tretti år sidan? Eg har no mista begge foreldra mine, men sjølv om eg aldri har vore der viste eg at skulen eg gjekk på ikkje hadde forandra noko, i alle fall ikkje særleg, sidan eg sjølv var gut. No er denne resten etter barndommen snart borte for alltid…. vel ei påminning om at ikkje noko varer evig, heller ikkje lekamen.

Eg trur det er difor me opplever dette så sterkt. Også me skal då fare hen.

Herre, du hev vore ein bustad for oss frå ætt til ætt.  Fyrr fjelli vart til, og du skapte jordi og heimen, ja frå æva og til æva er du, Gud.  Du let menneskja verta til dust att og segjer: Vend um att, de mannsborn!  For tusund år er i dine augo som dagen i går når han lid, som ei vakt um natti.  Du riv dei burt som i flaum, dei vert som ein svevn. Um morgonen er dei som groande graset;  um morgonen blømer det og gror, um kvelden visnar det burt og turkast upp. – Salme 90 v1-6