Arkiv
CQD-Kalender
desember 2012
S M T O T F S
« nov   jan »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  
Kategori

Skulens siste dagar

Adwick School

Her har eg ikkje vore sidan eg var 16 år gammal! No vert ungdomsskulen min borte for alltid.

Adwick School (ungdomsskulen min) har dominert engelskbloggen i over eit år. Også her på CQD-bloggen har eg skrive om han. No går det mot slutten.

Forrige veka opna skulen for tidligare elevar slik at dei kunne sjå han ein siste gong. Denne veka er det nemleg siste gongen skulen skal brukast, og når elevane går heim att denne torsdagen er det snipp, snapp snute – eventyret er ute. Lærene skal flytte sakene sine til nyskulen i romjula. Skulen min vert då jamna med jorda i det nye året.

Blant desse gamle elevane var to av mine eigne skulevener, Deborah Grace og Jill Jenkins. Dei sende meg bilete frå skuleturen sin. Eg trur dei delar vemodet som eg og har skrive om i begge mine bloggar. Det er ei merkelig kjensel. Verda vår går no under!

Visst veit eg at ho er alt borte allereie i dag. Gamleskulen er kun eit skal, og det som var vår verd er fare ut or det for lenge sidan. Likevel kjenner eg meg vemodig idag! No nærmar det seg. Den siste leivninga etter barndomen vår snart skal vere borte.

Mon tru det er ei påminning om dauden som gjer denne tida så spesiell – at me kjenner klumpen i halsen over noko som me var ferdige med for tretti år sidan? Eg har no mista begge foreldra mine, men sjølv om eg aldri har vore der viste eg at skulen eg gjekk på ikkje hadde forandra noko, i alle fall ikkje særleg, sidan eg sjølv var gut. No er denne resten etter barndommen snart borte for alltid…. vel ei påminning om at ikkje noko varer evig, heller ikkje lekamen.

Eg trur det er difor me opplever dette så sterkt. Også me skal då fare hen.

Herre, du hev vore ein bustad for oss frå ætt til ætt.  Fyrr fjelli vart til, og du skapte jordi og heimen, ja frå æva og til æva er du, Gud.  Du let menneskja verta til dust att og segjer: Vend um att, de mannsborn!  For tusund år er i dine augo som dagen i går når han lid, som ei vakt um natti.  Du riv dei burt som i flaum, dei vert som ein svevn. Um morgonen er dei som groande graset;  um morgonen blømer det og gror, um kvelden visnar det burt og turkast upp. – Salme 90 v1-6

En tilbakemelding til Skulens siste dagar