Arkiv
CQD-Kalender
desember 2012
S M T O T F S
« nov   jan »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  
Kategori

Julaften med sjølvaste skuleslips

eller den siste Jedi- ridderen

Skoleslipset

Etter fått rekord treff på den engelske bloggen i går – dei fleste på «Adwick School» – feira eg julaftan med skoleslipset mitt.

Dei siste vekene har vore spesielle. Ungdomsskulen min gjekk inn i sine siste dagar, og sist torsdag vart det altså slutt.

Dette har eg skrive om her i CQD, men eg har skrive mykje meir i engelskbloggen The Yorkshire Viking. Det viser seg at nedlegginga kjem nøyaktig trettitre år sidan eg byrja som elev der.

No i året som kjem skal gamleskulen jamnast med jorda. Skuleelevane skal ha flytta ut or han og inn i ein ny. Skulen dei har gått på var likevel ikkje han eg gjekk på. Min skule vart diverre lagde ned, og skulen som har halde til der eg voks opp er eigentleg ein annen skule.

Sånt sett var det ikkje noko att av Adwick School – min skule – sjølv om bygget framleis var der. Uniforma vår var avskaffa for lenge sidan (likevel er det vel å merke at dagens ungdomsskule som heiter  Outwood Academy Adwick, har atter ein gong innført ei uniform).

Adwick School ungdomsskulen eg gjekk på har vore borte sidan 2002. Han vart lagt ned fordi myndigheitene måtte leggje han under administrasjon, og fordi dei fant til slutt at det var mykje betre å starte skulen på nytt – med nytt namn. Faktisk har han fått nytt namn heile to gonger sidan då…. men det var visst ei anna sak.

Det eg skulle fram til var at min skule hadde eit dårleg ry då han stengde. Tidlegare i år vart det ei gjenforeining av elevar organisert på fjesboki, og eg vart sjokkert over kor vondskapsfulle enkelte var når dei omtala skulen vår. Eg skjønnar at ting visst hadde forandra seg ifrå den tida eg var elev.

Den gongen var skulen vår faktisk rekna blant dei beste skulane. Dette er eit faktum mange som no bur i området synest ikkje å ha kjennskap til! Eg trur det kan vere ei forklåring på kommentarane eg fekk lese i høve gjenforeininga. Likevel venta eg ikkje noko særleg interesse i bloggen min, presist fordi eg vilja minnast dei gode tidene – og om mogleg setje skulen min i eit betre ljos.

I går eksploderte treff på den same bloggen. Det var 106 i alt, og dei fleste av desse var nettopp på postane som eg har skrive om skulen min. Dei kan seie kva dei vil, men det tydar vel på at nokon minnest skulen sin og ikkje tenkjar berre vondt om han?

I dag var kyrkjene våre stappfulle som vanleg på julaftan. Eg har ikkje vane å bruka skuleslipset – men for ein gongs skuld feira eg bloggtreffa med å ta det att i bruk. I dag er det trass alt berre eit vanleg slips, sjølv om det er mykje mindre enn dei andre slipsa eg har. Vår skule eksisterer ikkje! Nå veit eg sanneleg korleis det må vere å vere den siste av Jedi-ridderne…

God jul!

There is now an English translation for this article.

En tilbakemelding til Julaften med sjølvaste skuleslips