Arkiv

CQD-Kalender

januar 2013
S M T O T F S
« des   feb »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  

Kategori

Månadsarkiv: januar 2013

Vegen til nynorsk (del I)

Ivar Aasen

Ivar Aasen – nynorsksen far

Den aller mest oppsiktsvekkjande som skjedde i denne bloggen skjedde i fjor. Då gjekk eg over til nynorsk! Det var det mange grunnar til.

Bakgrunn

Språk har fascinert meg lenge. Då eg nettopp har mått avslutta skulesaka i desse to bloggane, passar det å minnast at interessa mi fyrst kom etter eg slutta på ungdomsskulen. Eg var ikkje akkurat noko toppelev som barn.

Om ikkje eg visste det – fordi eg ikkje var «skuleflink» – var eg annleis på skulen. Dette måtte eg og betale prisen for, men «mine tankar var ikkje som deira tankar, og deira tankar var ikkje som mine». Berre då eg omsider skjønna poenget med å studere såg eg korfor. Eg tenkte faktisk omgrep som det engelske språket ikkje greidde å formidle! Du kunne seie at eg difor snakka eit anna språk enn dei som var jameldre åt meg på skulen.

Veksande språkinteresse oppklarer problemet mitt

Då eg gjekk på eit kurs om kommunikasjon lærte eg at ein kan lage modell. Det er sendar, medium, og mottakar. Eg som skriv desse orda er for eksempel sendar no. Når eg vil kommunisere må eg sende bodskapen min til lesarane mine, som altså i denne modellen er mottakarar. Språket er mediet som brukast til denne sendinga. Eg har eit bilete opp i hovudet mitt, og vert kommunikasjonen vellykka får mottakaren eller mottakarane det same. Diverre kan det hende at dei oppfattar meg forskjellig, og dimed kan dei få eit anna mentalt bilete.

Det var diverre det siste som skjedde då eg var på skulen. Engelsk kan ikkje skilje mellom deg og dykk, medan eg alltid har «tenkt» i desse omgrepa. Som «sendar» sende eg dette «biletet», men mottakaren fekk gjerne eit anna bilete. Då eg meinte «du» kunne han har oppfatta «de» – eller det omvendte.

Mitt språk dugde ikkje!

På skulen denne kommunikasjonssvikta artar seg i mobbing. Seinare eg har vore ein raring i nokre samanhengar. Særleg i kyrkjelydane har språkinteressa mi ikkje støtt vore like populær. Engelske kristne – og nokre norske og som er påverka av dei – trur for eksempel at lekamane deira er tempel åt Den heilage ande! Det vil seie at kvar av desse trur at sin eigen kropp er eit slikt tempel. Dei tek feil av språket!

Dette er nemleg eit godt eksempel på korleis språket styrer tankane våre. I opphavet var ordet. Engelsk skil ikkje mellom «ditt» og «dykkar».

Difor er det sannelig vanskeleg å få aksept i England eller USA for at det er kyrkjelyden sitt lekam Paulus talar om i 1 Korintarbrev 6 v19 – «Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud?» Desse kyrkjelydane held likevel fast på at Paulus heller seier – «1 Kor 6,19 Veit du ikkje at kroppen din er eit tempel for Den heilage ande som bur i deg, han som du har frå Gud?»! Det er faktisk sånt dei forstår dette, og likar det ikkje om nokon skulle seie at det er fleire Paulus snakkar til. Ein kjem då i beste fall ikkje lengre enn «1 Kor 6,19 Veit de ikkje at kroppen din er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud?» Bare prøv å skilje «din kropp»,«dykkar kroppar», og «dykkar kropp» på engelsk…. så vil du sjå kor vanskeleg dette er.

Dei norske kristne som trur at kroppane deira (eller lekamane på litt eldre språk) er tempel åt Den heilage ande, har teke si tolking ifrå engelske miljø. Dette gjeldar særleg dei karismatiske grupperingane. Viss dei ville studere egen bibel på norsk ville dei sjå at dei tek feil.

Eg fekk eit nytt språk

At eg fatta interesse for språket, og visste korfor eg ikkje var som alle andre hjelpte lite. Eg passa ikkje inn. Ut ved rein tilfeldigheit (eller som kollegaen min Jon Blamire har sagt, «Gudfeldigheit») kom eg til Noreg i 1991. Då for fyrste gongen fekk eg eit språk som faktisk kunne formidle tankane mine – etter kommunikasjonsmodellen eg skrev om over. Dessuten var det spennande å måtte lære noko nytt!

Så ville eg integrere meg så godt eg kunne. Me hadde eit ordtak i England. Når du er i Roma, gjer som romarane.

Eg lærte jo at me har to språk her til lands. Skal eg vere ærleg ottast eg nynorsken! Eg ottast nemleg at eg ville blande måla om eg byrja med han. Difor heldt eg fast på bokmål.

Nå ynskjer eg ikkje å støyte nokon, men sjølv om eg då skrev på bokmål såg eg allereie då at nynorsk var meir poetisk – mykje meir poetisk! I 1998 fekk eg kantorstillingen i Indre Arna, og drog ifrå Lødingen. I over sju år vart eg eksponert for nynorsk, og han hadde meir påverknad over meg enn eg sjølv var klår over. Min veg til nynorsk var i gong.

Dette kjem eg attende til i andre delen!

Godt nyttår!

Salme 46


Gud er mi hyggja og vår styrke, fullvel røynd i trengslor. Difor ottast me ikkje, um so jordi vert umskift, og um fjelli ragar hjarta av storhavet, um havbårorne dyn og skumar, og fjelli skjelv for deira ofse. Sela. Der er ei å, hennar bekkjer gled Guds by, den heilage stad der den Høgste bur. Gud er midt i honom, so han skal ikkje rugga; Gud hjelper honom i morgonlysingi. Folkeslag rasa, rike vart rikka, han let si røyst ljoda, jordi bråna. Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela. Kom og sjå Herrens storverk, som gjer øydeleggjingar på jordi. Han gjer ende på herferder yver all jordi, bryt bogen sund og høgg spjotet av; stridsvognerne brenner han upp i eld.  «Haldt upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.»  Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela. – Studentmållaget 1921