Arkiv

CQD-Kalender

mars 2013
S M T O T F S
« feb   apr »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  

Kategori

Månadsarkiv: mars 2013

Vegen til nynorsk (del 2)

Ivar Aasen

Ivar Aasen – nynorsksen far

Eg har no skrive litt om bakgrunnen til interessa mi. Særleg i Indre Arna vart eg eksponert for nynorsk, og som eg allereie har kommentert hadde han mykje større innverknad på meg enn eg sjølv var klår over.

Sidan eg slutta der har eg skaffa meg norsk statsborgarskap. Eg har freista å integrerast så godt som mogeleg – og då meiner eg at skal ein verkeleg kjenna det det er å vere norsk, så kan ein godt setje seg inn i nynorsken. Her fin ein «sjelen». Det er annleis med bokmål.

Eg registrerer at ungdomane ikkje likar han, men eg synest dette er trist! Som kyrkjemusikar har eg lenge vore forkjempar for at dei skal bruka eiga språk. Eg mislikar dimed at dei har så mykje engelsk i gudstenestene. At dei og vender ryggen til nynorsken er sørgjeleg.

Desse ungdomane synest vel at nynorsk er for vanskeleg, men eg trår etter å lære han nettopp fordi han også krev noko av meg! Sjølvsagt veit eg at eg ikkje skriv han utan feil. Difor vil eg fortsetja med å skrive og lese nynorsk til dess eg meistrar han! Han gjev meg så mykje meir: eg føler meg «norsk» på ein heilt annen måte enn eg gjer på bokmål.

Me har då med eit skriftspråk å gjere. Eg snakkar ikkje til dagleg som eg skriv – men det gjer jo ikkje dei fleste heller. Her treng eg ikkje unnskylde meg for noko. Om desse bokmålsglade ungdomane berre skulle høyra korleis dei sjølv snakkar, så vil dei etter kvart måtte sannkjenne dei og snakkar nynorsk – og i mykje større grad enn dei faktisk snakkar bokmål! Samstundes dei legitimerer min måte å bruke norsk på, stadfestar dei dimed han er ein viktig del av deira kultur.