Arkiv
CQD-Kalender
mai 2013
S M T O T F S
« apr   jun »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031  
Kategori

Leirarar

Eg er oppgjeven! Nyleg las eg at kyrkja skal få tretten og ein halv millionar kroner til nettsider. Dette meiner eg er pengar som heller kunne ha vore brukt på andre ting.

Obs! Meiningar som er trykt opp i denne bloggen er mine eigne, og ikkje dei til kyrkjelyden eg jobbar i

Det vitnar og om uvitugskap om korleis Internettet virkar. Sjølv om mange kyrkjelyder betaler for dyre «løysningar» – eit ord som skurrar i øyra mine som «business speak» – er det fullt mogeleg å laga funksjonelle nettsider som inkje kostar. Me i Lødingen bruker WordPress-plattforma og etter mi meining er ho mykje betre enn nett dei «løysningane» som andre kyrkjelydar har valt.

No skal eg (som IT-ansvarleg) vedgå at me slit med å halde sida vår oppdatert. Uansett «løysninga» kyrkjelyden har, ligg jo ansvaret både på sokneborni og alle dei tilsette at dei faktisk bruker ho. Når dei av forskjellige årsaker ikkje gjer dette, og det ikkje er komme noko nytt til å leggje ut på sida…. ja, då hjelper det lite kor flott utsjånaden er!

Så spør eg korleis kjem dette til å verte noko betre no? Eller rettare sagt, kven er det som skal ha nytte av desse pengane som Staten løyver? Skal pengane brukast til å lønne nokon som jobbar med å samla inn stoff? Sjølvsagt ikkje det. Einaste føremon eg kan sjå me verkeleg skal få nytte av er at kyrkjelydane skal få eit Intranett. 

Som det er i dag – og eg bør vel presisere at eg berre skriv mine eigne meiningar – vert kyrkjelydane kynisk utnytta av dei som skal tene pengar. Enkelt og greit. At mange ikkje veit korleis dei skal laga nettsider, og ikkje minst at dei sjølv kan gjere det dei betaler andre for, tener desse kommersielle aktørane på.

Og kva kunne me ha brukt tretten millionar på? Det er det jo mange ting i ei kyrkje som vert prega av den offentlege fattigdomen, men no skal me vist få ei ny salmebok…. som mange kyrkjeverjer kjem til å få eit stort hovudpine av å skaffa!

 

En tilbakemelding til Leirarar

  • Ragnhild sier:

    Jeg skjønner godt at du er oppgitt. Det er så mange andre oppgaver kirken heller kunne ha brukt disse pengene til. Helt enig med deg!