Arkiv
CQD-Kalender
juni 2013
S M T O T F S
« mai   jul »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  
Kategori

Betra radiodekning på vegen og i bygda

Lødingens frekvensar har kvikna opp til liv att

Eg byrjar å kjenna kor gammal eg er. Då eg var ung var FM-nettet som snart skal sløkkast, den siste tingen! Eg hugsar kor eg lo på dei som hardnakka heldt på mellombølgja  – og som i tillegg ville ha det til at ho var mykje betre enn FM! Då er det ein poetisk jus i at eg nyta meg av eit betra tilbod just på det som er gammalteknologien no i dag!

Eg tviler på at DAB-radioen, når han kjem, vert akkurat det same som dette veterannettet. Då vert det omtrent som det er med tog, at det er noko heilt spesielt med damptoga: uansett kor bra dei moderne togsetta må vere, vert det framleis ein magi åt dei gamle. Slik er det med vår kjære FM også!

Når du køyrer får du eit mentalt bilete av korleis din radio ser ut på eit kart. Vår eigen sendar på Lødingen tettstad kan for eksempel fyrst høyrast ved kommunegrensa mellom Harstad og Tjeldsund. Før dette kan du visstnok høyra det heilt fram til Tjeldsundbru, men det er fyrst her signalet byrjar og verte «brukandes». Slik vert det ikkje med det som kjem. Med DAB får du anten signal eller du ikkje får noko som helst!

Som eg har skrive før opplevde eg Radio Lødingen heilt ifrå 1994. Då var det ei anna tid, og då eg kom attende til Lødingen i desember 2011 rakk eg berre så vidt å ta farvel med han. Som eg og har skrive før saknar eg vår radio. Likevel då Radio Bø overtok frekvensane våre var dette betre enn ingenting.

I dag fekk eg vite at tilbodet er betre enn nokonsinne. Frekvensen som skal tene Vestbygd har dei gjort noko med.

Gamle Radio Lødingen hadde to frekvensar. Den eine var på 106,8 Mhz, og den andre på 105,2 Mhz. Den sistnemnde frekvensen var alltid – etter mi meining – problematisk. Han skulle dekkja området rundt Vestbygd, men eg synest signalet ofte var svakt. Sidan sendingane har starta på nytt frå Bø har eg ofte lytta til han medan eg har køyrt til og frå Vestbygd. Eg har røynt at signalet frå 105,2-sendaren vart attpåtil heilt borte på einskilde plassar.

Eg snakka med ein teknikkar på Radio Bø i dag. Dette var om noko anna, men han fortalde meg om betringar som dei nett var ferdige med på denne sendaren. Då eg er så nysgjerrig måtte eg sjølvsagt ta meg ein liten biltur ut til bygda. Eg var skeptisk, og venta at radioen skulle forsvinne på vegen dit akkurat der han pleier. MEN…. det er sant! Dei har sanneleg gjort noko med 105,2 Mhz folkens! No er det berre ein einaste plass radioen forsvinn, der han alltid har gjort like før ein kjem til tettstadet vårt (Kåringen) – og der kan ein ikkje ta inn 106,8 heller på grunn av fjellet.

Ellers kan ein no køyra heile vegen til Vestbygd utan at signalet dett ut. Det har aldri vore så bra som det er i dag. Då kan eg berre oppmoda bygdefolket å skru på lokalradioen. De vert ikkje skuffa!