Arkiv

CQD-Kalender

juli 2013
S M T O T F S
« jun   aug »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Kategori

Månadsarkiv: juli 2013

DAB er her!

DAB Radio - retro

Dette er min nye DAB-radio – i retro stil!

Stortinget har vedteke at FM skal sløkkast. Lenge har me vore utan dekning i desse strekningane, men no har også Lødingen fått ein DAB-sendar! Signalet er svært bra.

Sist veke sette eg meg føre for at eg og skulle kjøpe ein DAB-radio. Då var eg ikkje klår over at det enno var mogleg å ta inn DAB-radioen her, men eg ville gjere meg førebudd til det alle no kallar for teknologiskiftet. Eg vil i alle høve sikra meg at eg ikkje sit med ein ubrukeleg radio om kort tid. Eg høyrer mykje på radioen no, samstundes at eg nesten ikkje ser på TV i det heile teke. Eg kunne eigentleg gjeve melding til NRK at eg ikkje har TV i bruk lenger…. men eg betalar sannsynlegvis lisens ved månadskifte slik at eg kan installere han om eg vil (TV-en min er framleis i lagring etter flyttinga).

«Når det gjelder kvaliteten, og forskjellene mellom NRK P1 og NRK P2 er det en enkel forklaring. NRK P2 benytter en høyere bitrate enn P1, og slik vil det være til det blir full overgang til DAB+»

www.nrk.no
Kommunikasjonsavdelingen
Publikumsservice

Likevel er det ei bakside til denne DAB-medaljen. Høyrer du på NRK P1 er lyden faktisk betre om du lyttar til FM! Dette har eg fått på svart og kvit etter eg sende ein e-post til NRK sin kommunikasjonsavdeling i Mo i Rana. Eg hadde merka at lyden var klarere på NRK P2 då den kanalen hadde samsending med NRK P1. Eg hadde attpåtil funne FM betre når eg samanlikna han med DAB. Så svarte dei slik eg har sitert over, at NRK P1 nyttar ein lågare bitrate….

NRK-sjefen Marius Lillelien erkjenner at overgangen til DAB ikkje går fort nok. Ein føresetnad for å sløkka FM-nettet er at 50% av lyttinga skal vere digitalt innan 2015. Eg har eit bodskap til han: det at eg får ringare kvalitet når eg høyrer på DAB enn eg gjer når eg nyttar gammal FM, ikkje er godt nok!