Arkiv

CQD-Kalender

august 2013
S M T O T F S
« jul   sep »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Kategori

Månadsarkiv: august 2013

Jon Blamire kjem!

Musikkkveld

To kantorar med mykje til felles. No samarbeider dei i Lødingen!

Samarbeider om musikk

Jon Blamire søkte mi gamle stilling i Lenvik då han jobba i South Carolina i USA! Likevel som eg stammar han opphavleg frå England. Sjølv synest eg at det var temmeleg stort å flytte til eit anna land ein gong. Så har han jo gjort dette to gongar!

Det skulle vise seg at me hadde mykje til felles. Me har begge to hatt Professor George Pratt som lærar då me var studentar.  Både Jon og eg mislikar skrifttypen Comic Sans. Me er også ivrige bloggskribentar (faktisk skuldar eg Jon ei veldig stor takk for at desse tvillingbloggane mine har vorte til, på akkurat denne måten dei har vorte til. Då eg slutta i jobben hans for å byrja i Lødingen ville eg satsa heilt på norsk. Då han så dukka opp med ein strålande bra blogg på engelsk fekk CQD plutseleg konkurranse, og den engelske tvillingbloggen min vart berga).

Me har halde jamleg kontakt med kvarandre. I fjor vitja eg han på Senja, og dette biletet vart teke då me åt på Senja Stua. No skal me samarbeida om to musikkveldar. Korkje han eller eg skal ta betalt for dette – unnateki for reisekostnadane våre. Me ynskjer at kyrkjelydane våre kan ta opp kollekt til det føremålet dei sjølv vil prioritere. Hjå oss i Lødingen skal me setje desse pengane inn til musikkarbeidet. Om det ikkje vert naudsynt i år med tilsyn på orgla våre skal soknerådet då kunne disponere dei til innkjøp av den nye salmeboka.

Jon har allereie hatt stor suksess på Finnsnes med «Være i Stillheten»Konseptet vert omtala på nettsida til Lenvik kyrkjelyd som ein «invitasjon og mogelegheit til å oppleve Guds fred gjennom musikk og song, saman med vakre bilete og ord». Det er med andre ord «meir enn ein konsert». Me freistar å gjere det same i Lødingen laurdag den 17. august. Då skal Jon og eg samarbeide om ein fantastisk musikkveld når me og tek i bruk det visuelle. Det vert altso meir enn konsert!

Så vonar me at du tek vegen til kyrkja om du er i Lødingen den dagen. Musikkvelden byrjar klokka 18:00. Inngangen er gratis, men som sagt tek me opp kollekt til musikkarbeidet vårt. Seinare skal eg attende til Finnsnes. Då skal me samarbeide om den andre musikkvelden. Datoen for denne kvelden har me ikkje fastsett enno.

denne posten er omsett over til engelsk. Bruk menyen over. Du finn omsetjinga under «hovudsaker».

I dag er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd! CQD gratulerer!