Arkiv
CQD-Kalender
september 2013
S M T O T F S
« aug   des »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
Kategori

Ei pedagogisk oppgåve

Ivar Aasen

Ivar Aasen – nynorsksen far

Oppgåve. Omskriv dette til bokmål eller engelsk, ord for ord.

De som brukar nynorsk veit han ikkje er populær. Mange føretrekker bokmål, og ungdommar likar engelsk. Så vert det vanskeleg å forsvara han.

Kan henda kampen er tapt. At de berre må finne dykk i at nynorsken no forsvinn, alle de som likar han! Det vert i så fall trist. Dei som vil ha bokmål kan nemleg ikkje seia så mykje som de! Det er gjerne slik at det populære ikkje alltid er det beste. Det skal enkelt gå an å prove. Omset berre posten min på bokmål (eller engelsk)! Då kjem du til å oppdage du ikkje kan det!

Bokmålsfolka som tek imot denne oppmodinga kjem vist til å angre det. Medan dykkar mål kan seia alt som deira, kan ikkje deira seia alt som dykkar! Så vert dette deira problem då, ikkje dykkar!

Om du omset denne posten over til engelsk får du eit anna problem. Om du går på skulen kan du skrive dette ut som oppgåve slik at de kan lese ho ut i klassen, og så kan du sondere om de då forstår kvarandre.

Korleis svarar oppgåva di med oppfatninga dykkar, og svarar ho då med di?