Arkiv
CQD-Kalender
desember 2013
S M T O T F S
« sep   jan »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  
Kategori

Juble mi sjel – eit nytt gutekor i Noreg!

Gutekor

Harstad gutekor – eit splittande nytt gutekor i Noreg

Desse to åra har eg vore grepen av depresjon – ikkje klinisk – men det som kjem frå ein viss resignasjon at «det berre er sånt til lands»…. at gutar ikkje syng i kor, og om dei gjer det så snakkar me eigentleg ikkje om «kor» sånn eg forstår omgrepet. Eg er oppvaksen i Storbritannia der det var stor tradisjon for dette. Legg merke til at eg bruka preteritumet! Om me ikkje skal rekna med dei «kora» som liknar dei aller fleste barnekora her til lands, anten dei kallar seg for «gospel» eller ikkje, så er det nesten inkje att av denne tradisjonen eg voks opp i.

Gutekoret

Ein klang eg har sakna sårt. Inntoget med gutekoret!

Det har gjort meg deprimert fordi eg røyner at kyrkjeleiinga heller ikkje vil ha gutekor…. i alle fall ikkje som eg forstår omgrepet: det der det ligg. Eg har ikkje lyst å seie så mykje om den stilen til dei fleste andre barnekora her i Noreg. Eg vert då berre skulda for å vere «aloof». Nei, eg har ikkje noko imot dei; det er berre ikkje den stilen eg brenner for. Saka er at, sånn eg diverre har oppfatta det i mange år, er den stilen eg likar og dei som vil fremme han medveten motarbeida. Ynskjer barnet ditt å syngje i barnegospel (slik alle kjenner det ordet over det store landet vårt) så vrimlar det av tilbod; ynskjer guten din å vere med på eit gutekor, er det noko anna. Det er cirka tjue gutekor i heile landet, om det er det.

Det har ikkje gjort det lettare for meg at mine eigne røynsler har styrka dette inntrykket. Eg veit om fleire gutekor, og fleire uheldige møte med kyrkjeleiingane (eg skal sjølvsagt ikkje nemne nokre konkrete eksemplar her), og ikkje minst om fleire gutekor som har vorte nedlagt. Eg presiserer «kor» som eg forstår omgrepet; det er tydeleg at mange forstår dette ordet annleis (og dimed ser dei ikkje problemet). Om nokon skulle skulde meg for å vere for kritisk til kyrkja Den norske har situasjonen vore like ille i England, om ikkje verre. Der veit eg nemleg om mange kor som har måtte takka seg, eller rettare sagt, har vorte tvinga til det.

Tenn Lys

Publikumet vart elleville då gutane hadde sunge «Tenn Lys»

Men det var så…. i dag vart sinnet mitt løft i fryd. Noreg har eit nytt gutekor! Ikkje berre det, men det er eit skipeleg kor som ligg an til å vere heilt topp. Desse gutane heldt julekonsert hjå oss i Lødingen Kyrkje.

Det er ikkje nokon kyrkjelyd som styrer dei; det er det private folk som gjer, og dei har og mektige forretningsfolk i ryggen. Eg trur dette må vere framtida om denne sjangeren i det heile teke skal overleve. I den engelske heimbyen min som har over 300,000 innbyggjarar var det ein gong gutekor nesten i kvar einaste kyrkjelyd – medan no i dag er det null (viss ein ikkje tek med dei «kor» som kallar seg «kor» sånn folk her i Noreg ser ut til å forstå det ordet).

med mannskoret

Gutane med Harstad Mannskor. Det er mannskoret som har støtta opprettinga av gutekoret.

Eg snakkar ikkje om kora i katedralane, men om tilbod til heilt vanlege gutar…. gutar til Ole og Kari Nordmann altso. Javisst finst det framleis Olavsgutar  og Sølvgutar, javisst finst det liknande i Storbritannia …. men eg saknar noko for kvardagsmenneska, og sønene deira. Då jubla sjela mi i kveld. Me har oss eit splittande nytt gutekor til lands. Lova vere Gud!

Merk kva eg seier. De kjem til å høyre mykje om dette nye koret. Det lover eg!