Arkiv
CQD-Kalender
januar 2014
S M T O T F S
« des   feb »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031  
Kategori

DAB-fiaskoen

Eg byrjar å irritere meg over folka i radio.no. Like eins kjenner eg harm kvar gong eg høyrer løgnaktige påstandar om DAB- teknologien. Akkurat som folk gjorde med CD-en, då han kom ut, overdriv dei kor bra DAB-en er i dag. Sanningi er at DAB-en er langt ifrå så bra som dei vil ha det til.

DAB

Vestbygd.com kunne fortelje oss kor bra DAB-en skulle vere….

Grunnen til at eg er sinna på dei er at me er i ferd med å bytte ut ein teknologi med ein annen som ikkje er fullgod som den teknologien som skal bytast ut! Me skal altso bruke store pengar for å gå over til denne nye teknologien. Ikkje berre heime, men også i bilen må me investere i det nye utstyret. Så viser det seg at kvaliteten på FM-lyden er betre enn lyden på DAB-en, sjølv når mottakarforholda er ideelle og sjølv når FM- og DAB- signalet kjem ifrå den same masta – og kan såleis samanliknast!

Me kan lese at forskjellen mellom DAB-en og FM er at kvaliteten er så mykje betre, og at det ikkje er noka skuring på DAB slik det er med dårleg FM. Dette er tull! Det er verre enn tull fordi forvrenginga på DAB-en klårt er mykje verre enn noka skuring på FM. Jo dårlege signalet på FM, jo større bakgrunnsstøyen, men sjølve lyden som ein høyrer på vert lite påverka. Med DAB-en er det sjølve lyden du høyrer på som vert forvrengd. Likevel les me propagandaen overalt som fortel oss at det ikkje er skuring på DAB.

– Radiodekningen langs veiene vil bli mye bedre når de nasjonale DAB-nettene står ferdig, og lyden vil ikke ha sus og skurr som man opplever med dagens FM-signaler. – NAF

Denne propagandaen kan ein finne overalt. Som du kan sjå over Norges automobilforbund gjentek det også. Det er direkte misvisande, og forbrukarrådet burde sjå på dette. Ut ifrå denne falske påstanden vert bilistane oppfordra til å gå over til denne nye teknologien. Det er ein påstand som er falsk sjølv om Digitalradio Norge skulle lukkast i å betre dei elendige mottakarforholda langs vegane i dag. Det er falskt fordi når signalet vert svakt, vert lyden ein høyrer på forvrengd før DAB-en heilt kuttar ut. Og som sagt er det mykje verre å høyre lyden som vert forvrengd, enn å høyre skuring i bakgrunnen.

Når det gjeld forholda langs vegane er det langt å gå før ein kan skifte ut FM. Eg vil gå så langt å seie at DAB-en i dag er ubrukeleg. Det er i alle høve annleis til det me trudde me kunne glede oss til. I Vestbygd.com kunne me lese at det vil verte god dekning allereie frå hausten i fjor. Det skulle liksom vere ei julegåve.

Julegåve du liksom! Køyrer ein ifrå Lødingen- tettstadet er signalet borte allereie du er kommen til Kåringen. Radioen får ikkje noko signal att før ein kjem til Sneisa, og då er det berre nokolunde bra. Kvar busk eller tre som skuggar for signalet gjev skuring i lyd, og dette får du tole heilt til du kjem til Rinbø. Fleire plassar dett det heilt ut. Mellom Rinbø og Ytterstad kjem det og går, og så er det borte litt før du kjem til Vågehamn og du att får nokolunde gode mottakarforhold.

Heime har eg hatt eit godt DAB- signal. Men ikkje alle kanalar har vore sendt frå sendaren her på tettstadet. Og så har dei no endra kanalvalet. Eg får visstnok NRK Nyheiter som eg ikkje fekk før, men så har dette vore ved påkostnaden av at eg har mist NRK Klassisk. Eg likar det aldeles ikkje at me plutseleg kan finne at kanalar me har byrja å lytte til forsvinn, og at ein plutseleg kan få ein annen kanal istaden for.

Nei, dette er for dårleg. DAB-en er med rette kalla av sine kritikarar for ein fiasko. Det er berre at det er gått prestisje i dette at dei ikkje erkjenner det.