Arkiv
CQD-Kalender
april 2014
S M T O T F S
« mar   mai »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  
Kategori

Nasjonaldagen i England!

Video (over). England i dag 23. april. Folketoget i høve nasjonaldagen.

Du verden kva er det som skjer i  verden? Kan det vere at engelskmennene og har tatt til å feira nasjonaldagen sin?

Då eg var ny til lands skreiv eg eit innlegg i avisa Hitra Frøya. Dette var året 1993. Eg hadde nett overstått min andre 17. mai, og med rette følte misunning då eg såg alle barnetoga og flagga.

Medan den norske dagen vel kunne vere unik i dag fortalde far min at då han var ung gjekk dei i tog også i England. Tidlegare skal dette ha vore stor tradisjon. Dagen het Empire Day og det var like mange flagg å sjå som eg hadde opplevd på nasjonaldagen her. Dette nemnde eg og i fjor då eg skreiv om vår eigen 17. mai.

Englands nasjonaldag er då i dag den 23. april. I fjor var det ein heller vemodig dag for oss som gjekk på Adwick Ungdomsskule, då det var denne dagen at han vart jamne med jord. Rett overfor hovudinngangen hadde skulen min to svære flaggstenger. Då det godt kan tenkjast at desse ein gong vart brukt nett til å flagge på slike dagar skreiv eg altso i bloggen min – om ironien dei vart lagt i grus på sjølvaste dagen til sankt George – nasjonaldagen til England!

Så var det då ikkje noko spesielt eg hugsar frå min barndom, og heller ikkje skulle det vere noko underleg at dei jobba den dagen i fjor for å rive ein skule. Dagen var då som alle andre dagar i året…. og så kan det sjå ut til at no er noko er i ferd med å forandre seg. Om dette er ein reaksjon til at skottane kan komme til å lausrive seg i år veit eg ikkje, men no går visst engelskmenn og i tog!

Ikkje nok med det, men flagget til England er i motsetnad til og attpåtil meir synleg enn det britiske flagget folk flest tenkjar på når dei reiser på ein Londonstur. Før eg vart norsk flagga eg med dette flagget. Då var det ikkje alle som viste kva det var ein gong. Tida forandrar seg!