Arkiv

CQD-Kalender

oktober 2018
S M T O T F S
« mai    
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Kategori

Nature

På by’n

Trondheim

Trondheim er ein vakker by – denne veka har eg vore der.

Så har eg vore i Trondheim. Eg var deltakar på Mikkelsmesskonferansen i Nidaros.

Turen byrja måndag, og eg reiste med kyrkjeverja vår. Han henta meg kvart over tolv. Då køyrde me til flyplassen. Vegvesenet heldt på å utbetre vegen slik me fekk køyra som engelskmenn – i nesten ein kilometer låg me på venstresida!

venstresida på vegen

Engelskkøyring i Noreg?

Eg var spent på mitt møte med Trondheim. Dette på grunn av minner frå dei forstå åra mine her til lands. Berre nokre veker etter eg hadde byrja som organist på Hitra reiste eg hit med konfirmantane. Det var gode minner.

Men eg reiste hit og då far min skulle vitja meg. Difor var eg førebudd å møtte vemod og.

Eg trong ikkje å venta til me var fram for å merke at eg no lever i ei heilt anna tid til den tida då far min var i Noreg. Eg såg det alt før me fekk sleppe inn på terminalen. Kor forargande det no er å ta fly! Eg hatar sikkerheita som gjer passasjerane om til sau og fe.

Konfirmantleiren 1991

Her var det eg kom med Hitra-konfirmantane i 1991. Det var tider, det!

Eg kom fyrst til Trondheim i 1991. Då hadde eg nett komme frå England for å  jobbe som organist. Berre ein månad etter eg starta der var eg med Hitra sine konfirmantar. Dei hadde leir i lokalet til KFUK-KFUM.

For ein merkeleg følelse å stå att her, og kjenne tida som har rent! Det fyrste eg hadde lege merke til i Trondheim den gongen var almane. Eg snakka då så mykje om desse at det måtte ha vore plagsamt for alle som måtte høyra på…. men så hadde eg berre nokre få månader før vore vitne til at over fem hundre desse trea vart drepne av almesjuke.

Trea

Store almar skuggar Nidarosdomen

Eg trur ikkje nordmenn skjønnar at almen er nærmast utrydda av denne sjukdommen, ikkje berre i England men i heile verda. Den gongen eg kom til Noreg las eg at almesjuken ikkje kunne spres lengre nord enn Sognefjord på grunn av klimaet, og eg vart glad å lese dette då eg såg desse staselege trea. Eg vart letta.

Nidarosdomen og alm

Nidarosdomen og ein alm (til høgre).

No var eg altso tilbake. Denne gongen var vemodet eg kjente då eg mintest far min – dei gongane han hadde vitja og dei gongane eg og han såg på byen før me reiste for å feire jula saman på Hitra – vorte forsterka av den mørke skya som i dag heng over almane.

Ikkje berre kan almesjuken komme lengre nord, men han har gjort det og er som ei farsott i nabolandet Sverige. Norske ekspertar trur det er lite som kan gjerast, så det kun er eit spørsmål om tid.

Eg kjem attende til Mikkelsmesskonferansen…. følg med!

Noko ligg på lur i lundane

Noko skjer

Dette er IKKJE teleløysing. Bartre døyr i regionen vår. Sjølv dei som er i potta takkar for seg.

Det skjer noko med bartrea våre. Dei døyr.

Nokon meiner det har med teleløysinga å gjere. Me har fått meldingar frå andre landsdelar og om hekkar og store grantre som døyr. Andre seier det er sopp. Så er det nokon som synest det må vere salt som vinterstormane har blåst i land. Eg trur det er ingen som veit.

Desse forklåringane vantar noko. Trea døyr overalt. Dei døyr i skogen, aleine, og attpåtil i potta! Om folk har lagt merke til at trea døyr – og mange har ikkje det til tross for den store tredauden – trur dei fleste at teleløysinga er årsaka. Dette kan vel ikkje verte tilfellet her?

Det er noko like «vakkert» som det er døyeleg. Trea som døyr vert fyrst misfarga, og tek du no ein tur ser trea i naturen nesten prektige ut – og det ville dei har vore hadde me ikkje visst at dei også kjem til å døy.

I Lødingen har me ein skogsti. Han er ubøteleg øydelagd allereie. Eg vart veldig glad i han, men eg ser at trea kjem ikkje att. Eg har alt spreidd bileta av denne skogstien på dei sosiale media. Uansett årsaka vert dette landet heilt bart om desse trea no skal fjernast, og det bør dei. Det er vanskeleg å greie ut om kor stort omfanget av dette er.

hekk

Dei døyr i hagane….

Dei som har hekk kan vel planta på nytt. Ute i naturen er det ikkje fullt så enkelt. Heile karakteren vert forandra.

Det er for eksempel nokre vakre vann opp ved Kåringen. Her døyr trea også. Snart vert ei naturperle borte.

Då me veit at i Jotunheimen dei framleis ikkje kan spise sopp og rein pga radioaktiviteten som kom ifrå Tsjernobyl – sjølv om atomulykka skjedde tusenvis kilometerar frå Norge – kan eg ikkje anna enn lure om Fukushima i Japan kan omsider ha fått noko innverknad. Media har visst nok fortalt oss om at reaktorane no er stengde, men me som les dei alternative media veit at situasjonen er alt anna enn under kontroll.

Eg har laga eit fotogalleri av dei sjuke trea våre. Du kan sjå det her. Eg synest at alle forklåringar me har fått så langt er spekulasjonar, og myndigheitene burde no ha undersøkt kva som skjer her. Om dette skjer med trea våre, kva skjer med oss menneske?

Kåringen

Desse trea på Kåringen har også vorte misfarga… og døyr.

 

Fotoklubben er tilbake!

I fjor skreiv eg at eg sakna fotoklubben. Tidligare var det fotoklubb. Eg var tilsett i kyrkja her frå 1994 til 1998, og då var det mykje anna og som me ikkje har i dag. No er fotoklubben i det minste tilbake.

Lenvik Kirke

Lenvik Kyrkje – interessa mi i svartkvit vart fengt av dette biletet teke i 2011.

Til dømmast påmeldingane vert han også populær. Eg har sjølvsagt meldt meg inn, og me skal ha fyrste møte denne måndagen. Eg er spesielt interessert i svartkvit – ei interesse som stammar frå dette biletet av Lenvik Kyrkje. Det vart teke i 2011, like før eg slutta der. Biletet fascinerte meg fordi det ser slett ikkje så spesielt ut som fargebilete.

Denne kyrkja ligg i Bjorelvnes i Lenvik Kommune. Ikkje berre vart den kvite kyrkja svært dramatiske mot den mørke himmelen, men djupna vert større på grunn av trea – som også dannar et lekkert mønster i heilskapen.

Eg gleder meg til fotoklubben måndag som kjem!