Arkiv

CQD-Kalender

juli 2017
S M T O T F S
« mai    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Kategori

Adwick School (Ungdomsskulen min)

Nasjonaldagen i England!

Video (over). England i dag 23. april. Folketoget i høve nasjonaldagen.

Du verden kva er det som skjer i  verden? Kan det vere at engelskmennene og har tatt til å feira nasjonaldagen sin?

Då eg var ny til lands skreiv eg eit innlegg i avisa Hitra Frøya. Dette var året 1993. Eg hadde nett overstått min andre 17. mai, og med rette følte misunning då eg såg alle barnetoga og flagga.

Medan den norske dagen vel kunne vere unik i dag fortalde far min at då han var ung gjekk dei i tog også i England. Tidlegare skal dette ha vore stor tradisjon. Dagen het Empire Day og det var like mange flagg å sjå som eg hadde opplevd på nasjonaldagen her. Dette nemnde eg og i fjor då eg skreiv om vår eigen 17. mai.

Englands nasjonaldag er då i dag den 23. april. I fjor var det ein heller vemodig dag for oss som gjekk på Adwick Ungdomsskule, då det var denne dagen at han vart jamne med jord. Rett overfor hovudinngangen hadde skulen min to svære flaggstenger. Då det godt kan tenkjast at desse ein gong vart brukt nett til å flagge på slike dagar skreiv eg altso i bloggen min – om ironien dei vart lagt i grus på sjølvaste dagen til sankt George – nasjonaldagen til England!

Så var det då ikkje noko spesielt eg hugsar frå min barndom, og heller ikkje skulle det vere noko underleg at dei jobba den dagen i fjor for å rive ein skule. Dagen var då som alle andre dagar i året…. og så kan det sjå ut til at no er noko er i ferd med å forandre seg. Om dette er ein reaksjon til at skottane kan komme til å lausrive seg i år veit eg ikkje, men no går visst engelskmenn og i tog!

Ikkje nok med det, men flagget til England er i motsetnad til og attpåtil meir synleg enn det britiske flagget folk flest tenkjar på når dei reiser på ein Londonstur. Før eg vart norsk flagga eg med dette flagget. Då var det ikkje alle som viste kva det var ein gong. Tida forandrar seg!

Attende til Finnsnes i Propria

Propria

Propria – noko eg definerer som klebunadar som ikkje er, men som liknar uniform når dei brukast saman

August i fjor kom Jon Blamire til Lødingen. Me heldt konsert til inntekt for kyrkjelyden vår.

Som Jon no seier på sin blogg var dette starten på eit samarbeid. No skal eg attende til Finnsnes. Han omtaler det svartkvite i Yorkshire Viking (og sjølvsagt denne systerbloggen CQD). Sjølvsagt er dette berre ein halvsanning: bloggane mine reserverer seg retten til å bruke farger, men sjølv når eg held meg til den vanlege utsjånaden er ikkje dette strengt talt svartkvit. Fargene som brukast kjem ifrå den gamle skuleuniforma mi. Eg kan og bruke grønt!

Heilt ifrå den fyste tida mi til lands har eg hatt vane for å bruke skuleslipset mitt til spesielle omstende. Eg gjorde det i august til konserten vår. Så har eg tradisjon for å ta det i bruk på julaftan. Eg kjem truleg til å gjere det når eg speler på Finnsnes. Men eg har ei anna mogeligheit…

Skuleslipset er i svært bra tilstand, og det ynskjer eg sjølvsagt å halde fram med å ha. Då eg gjekk på den tidlegare Polytekniske skulen i Huddersfield brukte eg noko eg kalla for propria. Dette vil seie klesplagg som i og av seg sjølv ikkje er uniform – men som liknar ho under vise samanhenger om dei vert brukt saman med kvarandre.

No har eg skaffa meg tre slips med grønt, kvit og svart som liknar skuleslipset. Om eg brukar eit av desse slipsa med kvit skorte, og svart bukser er den resulterande bunaden det eg definerer som propria. Ein kan også sjå propria i fargene til bloggane mine.

 

 

 

Eit relikt i gåva!

An English Translation of this post is available for members of Yorkshire Viking Norway.
relikt

Denne pennen vart laga frå byggjevyrket til skulen min.

I dag vart eg verkeleg overraska. På ein god måte! Ei pakke venta på meg i posten.

Overraskinga mi vart ikkje mindre då eg opna ho. Eg hadde fått eit relikt! Ein venn eg korresponderer med i England, som gjekk på skulen som eg gjekk på – denne skulen eg jo har skrive så mykje om i desse bloggane mine – hadde sendt meg denne pennen i gåva. Han er laga av sjølvaste byggjevyrket som vart redda då skulen vart lagt i grus.

Det er vanskeleg å beskrive korleis eg følte meg då eg heldt treverket som ein gong huste klassene våre – dei same klassene som ein gong huste meg! Her kjem språket og ord for kort.

Men engelsk er i alle høve fattigare enn norsk om eg faktisk ville freiste å setje ord på dette. Ja, det var ikkje så lenge sidan eg diskuterte det norske ordet «vemod» i eit forum på fjesboka. Utruleg nok var dette forumet for tidligare elever av denne same skulen. Det er nettopp det ordet «vemodig» som eg ville ha brukt for mine kjensler i dag, sjølv om dette ikkje så veldig godt kan omsetjast over til engelsk. Då me diskuterte dette på forumet meinte Ken Cooke, som har ei formidable innsikt om Noreg, at ordet «vemod» og «vemodig» vart best omsett til «melancholy» på engelsk. Medan dette strengt talt er riktig, passar det likevel ikkje for kjenslene eg følte på kroppen i dag.

Eg følte ærekjensle og sorg samtidig. På norsk var eg vemodig, men eg var og noko meir. Det er rett og slett umogleg å beskrive dette. Denne kjensla var like sterk som ho og var merkeleg. Det gjer noko med meg bare eg ser på denne pennen, som er eit regelrett relikt frå skuledagane mine.

Eg kjem nok ikkje til å ta pennen min på jobben. Han kjem til å vere der eg bur for at han ikkje kjem bort…. mine pennar på arbeidsplassen har nemleg ein vane for det! Eg har allereie takka vennen min ved e-post, men eg skal sjølvsagt no sende ho att eit ordentleg takkebrev i posten.

Dette var verkeleg ei stor overrasking. Eg lyser fred over Adwick ungdomsskule sitt minne.

Også CQD brukar Adwick- fargeskjemaet

Sneisatingen

Sneistinden består, men no med Adwick-bunad på!

Omstenda i Doncaster, England, har hatt stor innverknad på engelskbloggen. Eg har skrive mykje om at ungdomsskulen min no skal rivast. Også utsjånaden til den bloggen speglar fortida mi. Sjølv om logoen hans er min er han bygd opp på den gamle skulelogoen. Så har bloggen tatt fargeskjemaet til Adwick School – og gjort det til sitt eige.

På denne måten lever anden, sjølv om eg no har skrive siste ord om saka (eg har det i kvart fall i Yorkshire Viking). Eg vonar at det kan føre til at skulekompisar eg ikkje har treft i alle desse åra kjem i kontakt. Allereie har nokre venskap vorte fornya nettopp gjennom sida mi.

Samstundes at symbolismen i den bloggen openberre er «retro-» stil,  har eg alltid brukt symbol som viser tilknytinga mi, og særleg til Adwick School. Då eg enno var student i Huddersfield pynta eg gjerne arbeidet mitt med noko eg kalla Den fiolette kross. Dette symbolet tok eg med til Noreg, og organisten på Frøya fant ei papirteikning festa på orgelet sitt i 1992. Eg har bruka han i jobbsøknadar, og heilt fram til det året som var. Han var att på til å sjå i Adwick School då eg vitja skulen i mars 1992!

Dette symbolet har sidan hausten komme i skuggen for Yorkshire Viking sin uforskamma bruk av Adwick School- symbolikk. Det er trist fordi sjølv om Den fiolette kross delar same opphav har han større sjølvstende. Viss ikkje du viste korleis han vart til hadde du ikkje ant noko meir enn at han hadde med kristendomen å gjere. Så har logen vorte min og sånt har eg kunne bruke han medan berre eg har minst den skjulte tydinga.

Ettersom eg no har ropa ho fin du omtale her om nettopp min logo, Den fiolette kross. Då eg fyrst starta med å bruke han bestemte eg at armane på den greske krossen – som symbolet består av og som tyder truen på Jesus –  berre skulle vere på 2,54 cm. Denne føresegna har eg sidan gått bort ifrå. Krossen er fiolett for at han skal angjeve bot.

Eigentleg er symbolet ikkje noko meir, men Adwick- symbolikk er tilført i to fargeband. Kvart fargeband er dela opp i to av krossen. Så er det altså to grønne strek over den horisontale arm til krossen, og to svarte strek under ho. Dimed angjev symbolet også grønn, kvit, og svart – den kvite fargen underforstått i mellomrommet.

Den fiolette krossen er også teken att i bruk som favicon.

Som de veit frå skulesaka i desse bloggane mine er ungdomsskulen min no lagt ned. Engelskbloggen har som nemnd også bruka fargeskjemaet hans, og sånt må det kunne seiast at anden til Adwick lever. Sidan CQD er del av «flåten» tek også denne bloggen Adwick sine fargar frå nyttåret.

Fargane som er tillate i dimed grønn, kvit, svart og grått. Gråfarga er tillate fordi han var godkjent som alternativ då eg var elev.

GODT NYTT ÅR!