Arkiv

CQD-Kalender

desember 2018
S M T O T F S
« mai    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Kategori

Adwick School (Ungdomsskulen min)

Julaften med sjølvaste skuleslips

eller den siste Jedi- ridderen

Skoleslipset

Etter fått rekord treff på den engelske bloggen i går – dei fleste på «Adwick School» – feira eg julaftan med skoleslipset mitt.

Dei siste vekene har vore spesielle. Ungdomsskulen min gjekk inn i sine siste dagar, og sist torsdag vart det altså slutt.

Dette har eg skrive om her i CQD, men eg har skrive mykje meir i engelskbloggen The Yorkshire Viking. Det viser seg at nedlegginga kjem nøyaktig trettitre år sidan eg byrja som elev der.

No i året som kjem skal gamleskulen jamnast med jorda. Skuleelevane skal ha flytta ut or han og inn i ein ny. Skulen dei har gått på var likevel ikkje han eg gjekk på. Min skule vart diverre lagde ned, og skulen som har halde til der eg voks opp er eigentleg ein annen skule.

Sånt sett var det ikkje noko att av Adwick School – min skule – sjølv om bygget framleis var der. Uniforma vår var avskaffa for lenge sidan (likevel er det vel å merke at dagens ungdomsskule som heiter  Outwood Academy Adwick, har atter ein gong innført ei uniform).

Adwick School ungdomsskulen eg gjekk på har vore borte sidan 2002. Han vart lagt ned fordi myndigheitene måtte leggje han under administrasjon, og fordi dei fant til slutt at det var mykje betre å starte skulen på nytt – med nytt namn. Faktisk har han fått nytt namn heile to gonger sidan då…. men det var visst ei anna sak.

Det eg skulle fram til var at min skule hadde eit dårleg ry då han stengde. Tidlegare i år vart det ei gjenforeining av elevar organisert på fjesboki, og eg vart sjokkert over kor vondskapsfulle enkelte var når dei omtala skulen vår. Eg skjønnar at ting visst hadde forandra seg ifrå den tida eg var elev.

Den gongen var skulen vår faktisk rekna blant dei beste skulane. Dette er eit faktum mange som no bur i området synest ikkje å ha kjennskap til! Eg trur det kan vere ei forklåring på kommentarane eg fekk lese i høve gjenforeininga. Likevel venta eg ikkje noko særleg interesse i bloggen min, presist fordi eg vilja minnast dei gode tidene – og om mogleg setje skulen min i eit betre ljos.

I går eksploderte treff på den same bloggen. Det var 106 i alt, og dei fleste av desse var nettopp på postane som eg har skrive om skulen min. Dei kan seie kva dei vil, men det tydar vel på at nokon minnest skulen sin og ikkje tenkjar berre vondt om han?

I dag var kyrkjene våre stappfulle som vanleg på julaftan. Eg har ikkje vane å bruka skuleslipset – men for ein gongs skuld feira eg bloggtreffa med å ta det att i bruk. I dag er det trass alt berre eit vanleg slips, sjølv om det er mykje mindre enn dei andre slipsa eg har. Vår skule eksisterer ikkje! Nå veit eg sanneleg korleis det må vere å vere den siste av Jedi-ridderne…

God jul!

There is now an English translation for this article.

Skulens siste dagar

Adwick School

Her har eg ikkje vore sidan eg var 16 år gammal! No vert ungdomsskulen min borte for alltid.

Adwick School (ungdomsskulen min) har dominert engelskbloggen i over eit år. Også her på CQD-bloggen har eg skrive om han. No går det mot slutten.

Forrige veka opna skulen for tidligare elevar slik at dei kunne sjå han ein siste gong. Denne veka er det nemleg siste gongen skulen skal brukast, og når elevane går heim att denne torsdagen er det snipp, snapp snute – eventyret er ute. Lærene skal flytte sakene sine til nyskulen i romjula. Skulen min vert då jamna med jorda i det nye året.

Blant desse gamle elevane var to av mine eigne skulevener, Deborah Grace og Jill Jenkins. Dei sende meg bilete frå skuleturen sin. Eg trur dei delar vemodet som eg og har skrive om i begge mine bloggar. Det er ei merkelig kjensel. Verda vår går no under!

Visst veit eg at ho er alt borte allereie i dag. Gamleskulen er kun eit skal, og det som var vår verd er fare ut or det for lenge sidan. Likevel kjenner eg meg vemodig idag! No nærmar det seg. Den siste leivninga etter barndomen vår snart skal vere borte.

Mon tru det er ei påminning om dauden som gjer denne tida så spesiell – at me kjenner klumpen i halsen over noko som me var ferdige med for tretti år sidan? Eg har no mista begge foreldra mine, men sjølv om eg aldri har vore der viste eg at skulen eg gjekk på ikkje hadde forandra noko, i alle fall ikkje særleg, sidan eg sjølv var gut. No er denne resten etter barndommen snart borte for alltid…. vel ei påminning om at ikkje noko varer evig, heller ikkje lekamen.

Eg trur det er difor me opplever dette så sterkt. Også me skal då fare hen.

Herre, du hev vore ein bustad for oss frå ætt til ætt.  Fyrr fjelli vart til, og du skapte jordi og heimen, ja frå æva og til æva er du, Gud.  Du let menneskja verta til dust att og segjer: Vend um att, de mannsborn!  For tusund år er i dine augo som dagen i går når han lid, som ei vakt um natti.  Du riv dei burt som i flaum, dei vert som ein svevn. Um morgonen er dei som groande graset;  um morgonen blømer det og gror, um kvelden visnar det burt og turkast upp. – Salme 90 v1-6

Nytt favicon

Dei observante blant dykk vil merka at ikonet til www.cqd.nu har forandra. Dette ikonet ser du:

  • når du legg oss inn i «favorittane» (Internet Explorer), eller «bokmerka» (Mozilla-type nettlasere).
  • i adresselinja og/eller fana
  • når du legg inn sida på mobilskrivebordet
gamleikon

Vårt gamle ikon, noko som kom ifrå Adwick School (1968-2001).

Det nye ikonet kjem i høve rivinga Adwick School som ventast tidleg i det nye året. Medan engelskbloggen har for lengst brukt ei nyare form for «AS»-symbolet, har denne bloggen brukt retrograd ikon. Dette vert det nå slutt på.

Dette ikonet visast forskjellig alt etter samanhengen det brukast til. La merke til at Mozilla- nettlasere har ein kjent feil. Det gjelder snøgglageret. Etter at nettsida du har bokmerka eller lagt i bokmerka skiftar over til nytt favicon (som er det me kallar desse ikona) hender det at gamle ikonet vert att på di maskin. Det visast fortsatt i bokmerka dine.

Nytt ikon

Dette er det nye ikonet som alt brukast på Yorkshire Viking

Om du sletter bokmerket ditt og legg det inn på nytt kjem dette gamle ikonet att på nytt. Einaste måten å oppdatere dette ikonet om så dette skjer deg er at du må slette ALLE bokmerka dine, så slette «private data» og legg inn bokmerka på nytt. Det spørst om du treng bry deg. Om du likevel vil gjere dette kan du fyrst gå til «behandle bokmerker», og så frå boksen du då ser velje «verktøy», og «eksportere HTML» – dette vil gje deg backup på bokmerka før du sletter dei.

Faviconet til www.cqd.nu har likevel forandra seg om ikkje det visast i bokmerka dine. Om ikkje det visast der ser du det dei andre plassane.

Ruinane åt ei forsvunnen verd

kvil i fred

Dei som les engelskbloggen min har nok merka seg at éi sak har overtak for tida. Ungdomsskulen eg gjekk på (i Storbritannia) skal nemleg jamnast med jorda!

Han heiter «Outwood Academy Adwick», men på mi tid heitte han berre «Adwick School». Mellom 1998 og 2001 vart skulen lagt under administrasjon. Så vart namnet endra i 2002. Han vart då kalle «North Doncaster Technology College» før han for to år sidan fekk namnet bytte atter ein gong – til det namnet skulen har i dag.

I fjor vart det så friskt eit ordskifte på grunn av planane åt den nye skulen at også eg fekk høyre om det her til lands. Dette skjedde då eg las nyheitene frå heimbyen min. Dei skulle nemleg føre opp eit heilt nytt skulebygg, men ikkje nok med det – dei skulle og rive den gamle! Ikkje noko skulle verte att av han! Det vart eit ramaskrik ifrå tidlegare elevar.

Protestane førte ikkje fram, og planane vart godkjende. Så sette dei i gong, og sidan har ting gått veldig fort. No er nyskulen nærmast ferdigstilt, og det er ikkje mange dagar til dei flyttar ut or den gamle. Dagane til min skule er dimed talte.

Dagens skule har offentleggjorde nokre bilete av den nye konstruksjonen saman med gamleskulen min. Eg ser at den nye skulen kjem til å vere ganske bra. Denne er jo bygt for tida no i dag medan min skule er frå ei anna tid. Eg må vedkjenne at dette synast.

Ikkje dess mindre føler eg vemod når eg tittar på desse bileta. Her var eg gut, og her var verda mi då så ny. Når eg ser dei slitne falleferdige bygga, som den gong ikkje var gamle, så ser eg at den verda er forbi.

Også er det dette denne saka kokar ned til: ikkje berre at eg har vorte gammal, men at den verda kompassnåla mi framleis pekar mot no er borte i all æve. Desse bileta viser meg difor ein ruin ifrå den forsvunne tida. Snart vert desse siste restane frå den verda tapt.

There is now an English translation for this article. Click here.