Arkiv

CQD-Kalender

juni 2020
S M T O T F S
« mai    
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  

Kategori

hovudsaker

klikkar du dette får du CQD sine viktigaste saker

Vegen til nynorsk (del 2)

Ivar Aasen

Ivar Aasen – nynorsksen far

Eg har no skrive litt om bakgrunnen til interessa mi. Særleg i Indre Arna vart eg eksponert for nynorsk, og som eg allereie har kommentert hadde han mykje større innverknad på meg enn eg sjølv var klår over.

Sidan eg slutta der har eg skaffa meg norsk statsborgarskap. Eg har freista å integrerast så godt som mogeleg – og då meiner eg at skal ein verkeleg kjenna det det er å vere norsk, så kan ein godt setje seg inn i nynorsken. Her fin ein «sjelen». Det er annleis med bokmål.

Eg registrerer at ungdomane ikkje likar han, men eg synest dette er trist! Som kyrkjemusikar har eg lenge vore forkjempar for at dei skal bruka eiga språk. Eg mislikar dimed at dei har så mykje engelsk i gudstenestene. At dei og vender ryggen til nynorsken er sørgjeleg.

Desse ungdomane synest vel at nynorsk er for vanskeleg, men eg trår etter å lære han nettopp fordi han også krev noko av meg! Sjølvsagt veit eg at eg ikkje skriv han utan feil. Difor vil eg fortsetja med å skrive og lese nynorsk til dess eg meistrar han! Han gjev meg så mykje meir: eg føler meg «norsk» på ein heilt annen måte enn eg gjer på bokmål.

Me har då med eit skriftspråk å gjere. Eg snakkar ikkje til dagleg som eg skriv – men det gjer jo ikkje dei fleste heller. Her treng eg ikkje unnskylde meg for noko. Om desse bokmålsglade ungdomane berre skulle høyra korleis dei sjølv snakkar, så vil dei etter kvart måtte sannkjenne dei og snakkar nynorsk – og i mykje større grad enn dei faktisk snakkar bokmål! Samstundes dei legitimerer min måte å bruke norsk på, stadfestar dei dimed han er ein viktig del av deira kultur.

 

 

Verna: Dokumenter!

Det finst ingen utdrag, fordi innlegget er verna.

Fornying av sidene

Denne bloggen – CQD – har vore borte i nokre veker. Eg har i kvart fall ikkje skrive noko i han. Tida mi vart oppslukt av søsterbloggen.

Den bloggen – Yorkshire Viking Norway – har eksistert saman med CQD heilt ifrå CQD vart lansert, men han er eldstebloggen min. Det var nemleg berre då eg fekk stillinga her i Lødingen at eg bestemte meg for eigen blogg på norsk. Ordninga har fungert veldig greit. Diverre vart eg offer for eigen suksess då eg starta å få ein del korrespondanse som eg ikkje ville ha. Det gjorde at eg måtte tenkja på sikkerheita, og no har eg flytt han over ifrå WordPress.org til min eigen server – og så skal eg også vere forsiktigare med kontaktinformasjonen som ligg her på nettet.

Framleis har eg  tvillingbloggar (så du lett kan byte mellom kvar av dei), men CQD visast kun i Noreg om du ikkje vil logge deg inn. Det må du gjere utanlands. Engelskbloggen har andre sikkerheitstiltak eg ikkje treng går inn på her. Han er no på eit underdomene til CQD og ligg på same server. Kort sagt har eg sjølv full kontrol over kven som får brukar han… og kven som ikkje kan gjere det.

No at systemet mitt att er oppe skal eg teke lit tid for å skrive oppfølgjaren til Vegen til nynorsk. Det er noko eg har ynskt å gjere heile den tida eg har slite med omstillinga av Yorkshire Viking.

Også CQD brukar Adwick- fargeskjemaet

Sneisatingen

Sneistinden består, men no med Adwick-bunad på!

Omstenda i Doncaster, England, har hatt stor innverknad på engelskbloggen. Eg har skrive mykje om at ungdomsskulen min no skal rivast. Også utsjånaden til den bloggen speglar fortida mi. Sjølv om logoen hans er min er han bygd opp på den gamle skulelogoen. Så har bloggen tatt fargeskjemaet til Adwick School – og gjort det til sitt eige.

På denne måten lever anden, sjølv om eg no har skrive siste ord om saka (eg har det i kvart fall i Yorkshire Viking). Eg vonar at det kan føre til at skulekompisar eg ikkje har treft i alle desse åra kjem i kontakt. Allereie har nokre venskap vorte fornya nettopp gjennom sida mi.

Samstundes at symbolismen i den bloggen openberre er «retro-» stil,  har eg alltid brukt symbol som viser tilknytinga mi, og særleg til Adwick School. Då eg enno var student i Huddersfield pynta eg gjerne arbeidet mitt med noko eg kalla Den fiolette kross. Dette symbolet tok eg med til Noreg, og organisten på Frøya fant ei papirteikning festa på orgelet sitt i 1992. Eg har bruka han i jobbsøknadar, og heilt fram til det året som var. Han var att på til å sjå i Adwick School då eg vitja skulen i mars 1992!

Dette symbolet har sidan hausten komme i skuggen for Yorkshire Viking sin uforskamma bruk av Adwick School- symbolikk. Det er trist fordi sjølv om Den fiolette kross delar same opphav har han større sjølvstende. Viss ikkje du viste korleis han vart til hadde du ikkje ant noko meir enn at han hadde med kristendomen å gjere. Så har logen vorte min og sånt har eg kunne bruke han medan berre eg har minst den skjulte tydinga.

Ettersom eg no har ropa ho fin du omtale her om nettopp min logo, Den fiolette kross. Då eg fyrst starta med å bruke han bestemte eg at armane på den greske krossen – som symbolet består av og som tyder truen på Jesus –  berre skulle vere på 2,54 cm. Denne føresegna har eg sidan gått bort ifrå. Krossen er fiolett for at han skal angjeve bot.

Eigentleg er symbolet ikkje noko meir, men Adwick- symbolikk er tilført i to fargeband. Kvart fargeband er dela opp i to av krossen. Så er det altså to grønne strek over den horisontale arm til krossen, og to svarte strek under ho. Dimed angjev symbolet også grønn, kvit, og svart – den kvite fargen underforstått i mellomrommet.

Den fiolette krossen er også teken att i bruk som favicon.

Som de veit frå skulesaka i desse bloggane mine er ungdomsskulen min no lagt ned. Engelskbloggen har som nemnd også bruka fargeskjemaet hans, og sånt må det kunne seiast at anden til Adwick lever. Sidan CQD er del av «flåten» tek også denne bloggen Adwick sine fargar frå nyttåret.

Fargane som er tillate i dimed grønn, kvit, svart og grått. Gråfarga er tillate fordi han var godkjent som alternativ då eg var elev.

GODT NYTT ÅR!

 

 

Ebeneezer Scrooge, kom du attende – alt er tilgjeve!

John Leech [Public domain], via Wikimedia Commons

BAH HUMBUG! John Leech [Public domain], via Wikimedia Commons

Eg bryr meg ikkje om jula! Hjå meg ser du korkje tre eller julepynt. Huset ser aldeles som normalt.

Det betyr ikkje at eg ikkje har det godt. Og om eg likevel ikkje har det godt har dette i kvart fall ikkje noko med jula å gjere! Det er lenge eg brydde meg om ho. Siste gong var dei åra etter far min døydde – og då berre som reaksjon på bortgangen hans. Eg hadde eigentleg slutta med jula allereie då eg kom til Norge i 1991.

Dette er fordi eg ikkje har nokon familie lenger, og bur åleine. Eg medgjev det. Det eg har problem med er kva andre tyder om dette. Ja eg trur faktisk at for mange er det eit problem at nokre ikkje feirar jula, og då meiner eg sjølvsagt deira omgrep av kva jula er…

Så høyrte eg på NRK Nordlandssendinga i dag at nokre synest synd på slik som eg. Dei ynskjer å invitere einslege å komme og vere hjå dei – ein av fire skal visst plagast av å vere einsam i jula. All ære desse, for dei som opplever det slik, men eg minnest krosstorget Radiators for Norway. Det er nemleg viktig at ein ikkje har stereotype om folk som er åleine i denne tida.

Eg har alltid vorte åleine. Det var ikkje som eg eigentleg hadde vilja livet skulle vere, men det vart slik. Tidlegare gjekk eg og tenkte mykje på det, og då jula kom var det vanskelegare. Likevel ville eg har tenkt meg om før eg takka ja til slike innbedingar no.

For det har eg nemleg vart med på. Og ikkje misforstå meg: dei som står bak desse initiativa meiner det berre godt. Likevel hugsar eg nedturen som alltid følgde når eg gjekk på ein julesamling for einslege: einsemda mi vart berre stadfest av at eg hadde gått dit, og eg vert berre meir merksam på ho. Om eg difor ikkje var deprimert før eg gjekk på desse samlingane vart eg deprimert då eg gjekk ifrå dei!

Det var den gongen. I 2003 hadde eg ei oppleving som forandra livet mitt. Eg vart alvorleg sjuk, og måtte kjempe for å komme på beina att. Sidan då har eg ikkje tenkt så mykje på min einslege stand fordi eg ikkje maktar å gjere noko med han likevel. Sidan sjukdommen min har eg ikkje vilja gå og tenkje på det som nettopp berre vil gjere meg deprimert, men heller nyte det livet som eg har og ting som eg faktisk er i stand til å gjere noko med! Det er ikkje at eg har resignert meg til einsemda, meir at eg har akseptert og elska meg sjølv for det eg er! Som ein ven på fjesboki uttrykte det «eg er i eit komplisert forhold med meg sjølv»…

Eg feirar faktisk jula på min eigen måte. Jula er ikkje shopping, pynt, nissar,og juletre; men høgtida når me minnest Jesu fødsel. Han set eg mi von til, også no eg ikkje har familie noko lenger.

Så har eg eigen tradisjon (berre) annen juledag. Då eg var omtrent fjorten år gammal fekk eg lov å prøve eit glas portvin på denne dagen. Foreldra mi åtvara meg at eg ikkje skulle drikke det med ein gong som brus, men eg ville sjølvsagt ikkje høyre på dei – og då måtte eg leggje meg to timar på sofaen av di eg vart så svimmel! Kvart år tek eg no eit glas port på denne same dagen. Medan eg ikkje drikk han som den ungguten, er det eit fint høve for meg å minnast familien min.

Sjølvsagt set eg og opp kort som de sender meg, men du vil ikkje sjå noko juletre hjå meg. Bah! Humbug! Kom du attende Scrooge – alt er tilgjeve!