Arkiv

CQD-Kalender

november 2019
S M T O T F S
« mai    
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930

Kategori

Lødingen

Julaften med sjølvaste skuleslips

eller den siste Jedi- ridderen

Skoleslipset

Etter fått rekord treff på den engelske bloggen i går – dei fleste på «Adwick School» – feira eg julaftan med skoleslipset mitt.

Dei siste vekene har vore spesielle. Ungdomsskulen min gjekk inn i sine siste dagar, og sist torsdag vart det altså slutt.

Dette har eg skrive om her i CQD, men eg har skrive mykje meir i engelskbloggen The Yorkshire Viking. Det viser seg at nedlegginga kjem nøyaktig trettitre år sidan eg byrja som elev der.

No i året som kjem skal gamleskulen jamnast med jorda. Skuleelevane skal ha flytta ut or han og inn i ein ny. Skulen dei har gått på var likevel ikkje han eg gjekk på. Min skule vart diverre lagde ned, og skulen som har halde til der eg voks opp er eigentleg ein annen skule.

Sånt sett var det ikkje noko att av Adwick School – min skule – sjølv om bygget framleis var der. Uniforma vår var avskaffa for lenge sidan (likevel er det vel å merke at dagens ungdomsskule som heiter  Outwood Academy Adwick, har atter ein gong innført ei uniform).

Adwick School ungdomsskulen eg gjekk på har vore borte sidan 2002. Han vart lagt ned fordi myndigheitene måtte leggje han under administrasjon, og fordi dei fant til slutt at det var mykje betre å starte skulen på nytt – med nytt namn. Faktisk har han fått nytt namn heile to gonger sidan då…. men det var visst ei anna sak.

Det eg skulle fram til var at min skule hadde eit dårleg ry då han stengde. Tidlegare i år vart det ei gjenforeining av elevar organisert på fjesboki, og eg vart sjokkert over kor vondskapsfulle enkelte var når dei omtala skulen vår. Eg skjønnar at ting visst hadde forandra seg ifrå den tida eg var elev.

Den gongen var skulen vår faktisk rekna blant dei beste skulane. Dette er eit faktum mange som no bur i området synest ikkje å ha kjennskap til! Eg trur det kan vere ei forklåring på kommentarane eg fekk lese i høve gjenforeininga. Likevel venta eg ikkje noko særleg interesse i bloggen min, presist fordi eg vilja minnast dei gode tidene – og om mogleg setje skulen min i eit betre ljos.

I går eksploderte treff på den same bloggen. Det var 106 i alt, og dei fleste av desse var nettopp på postane som eg har skrive om skulen min. Dei kan seie kva dei vil, men det tydar vel på at nokon minnest skulen sin og ikkje tenkjar berre vondt om han?

I dag var kyrkjene våre stappfulle som vanleg på julaftan. Eg har ikkje vane å bruka skuleslipset – men for ein gongs skuld feira eg bloggtreffa med å ta det att i bruk. I dag er det trass alt berre eit vanleg slips, sjølv om det er mykje mindre enn dei andre slipsa eg har. Vår skule eksisterer ikkje! Nå veit eg sanneleg korleis det må vere å vere den siste av Jedi-ridderne…

God jul!

There is now an English translation for this article.

Eit år i Lødingen

Som eg tidlegare har fortalt jobba eg i Lødingen frå 1994 til 1998. På den tid brukte dei slagordet Lødingen – ein god del av Noreg . Dei skrev (visstnok) dette på bokmål!

I alle år har eg hugsa denne delen av landet vårt. Då eg fylla 40 år i 2004 vart eg overraska med ei bursdagsfeiring som kyrkjelyden i Arna stod bak. Presten heldt tale, og sa at han hadde inntrykket om at eg ikkje heilt var ferdig med Nord Noreg. Orda hans skulle vise seg å vere profetisk.

1. desember 2012

1. desember 2012. Dette biletet er teke ifrå Kongsvik, i retning Lødingen. Her i riket mitt!

Det vart aldri nokon plan at eg skulle tilbake hit. Likevel skjedde det, og for nøyaktig eit år sidan byrja eg å flytte tilbake. Då eg måtte køyre fleire gonger mellom gamle bustad og det nye var eg ikkje ferdig med flyttinga før den 3. desember.

Hotel

Brygga Hotel. Drifta leggjast ned frå nyttåret.

«Korleis er det å komme tilbake til Lødingen» er eg ofte spurt. Fyrst var eg overlag glad! Presten i Arna hadde rett. Ein av dei aller fyrste tinga som eg gjorde var å køyre ut til fjæra i Vestbygd. Om me skulle høyre i morgon at det kjem ein asteroide, og at han er såpass stor at det vert slutt på alt liv på jorda trur eg hadde teke meg turen dit for å nyte mine siste timar. Der føler eg nemleg fred i sjela. Har du Windows 7 kan du vere med på fjæra du og

Gammalt fort

Siste gong eg jobba i Lødingen måtte ein stanse her. Det er så uverkeleg at alle soldatane no er borte, og at det ikkje er forbode å gå her!

Likevel har det vore begge delar å komme tilbake. Fyrste dagen eg var på jobb måtte eg tinga postboks, og då viste det seg at ein av mine tidlegare pianoelevar jobba i butikken. Det var nemleg han som ordna postboksen til meg. Det var jo ei merkeleg kjensel då eg møtte han!

Så er det også ei side av å vere her som slett ikkje er bra. Lødingen slit med økonomien, og eg merka den store tilbakegangen sidan eg sist var her. Fortet er lagt ned, Telenor er borte, og mange butikkar er forsvunne. Jamvel i min fyrste månad tilbake her mista me lokalradioen, og han er no overteken av Radio Bø. Denne veka fekk me høyre hotellet og legg ned drifta frå nyttåret.

Denne utviklinga gjer meg lei. På skulane er det og store utfordringar. Me kan sjå sprekkar i veggen, golvbelegg som er slite, og ein skule som hadde cirka 150 elevar då han vart bygd har berre 23 att – og han går no ei usikker framtid i møte.

Nettopp dei som bur i Vestbygd og nettopp denne skulen kjempar likevel på ein måte me alle kan lære av! Dei er flinke til å arrangere ting, og når enn dei gjer det stiller dei opp alle saman.

Eg har skrive om Rockkonserten deira, og så på initiativet deira vart det og ein

Eg elskar desse folkene!

Alle stiller opp når noko skjer i Vestbygd. Denne «happening» var Folk og røvere i Kardemomme by – eg ELSKAR desse folka! Dei får det til!

klassisk konsert i kyrkja der – me fekk ein toppklasses musikar ifrå Tyskland! Så kom det cirka 75 for å høyre han! Så fekk dei med rette ros ifrå journalisten då dei nyleg – atter ein gong til fullt hus – satt opp musikalen Folk og røverne i Kardemomme By.

Eg beundrar dei som bur i Vestbygd. Me må lære noko av dei. Dei får ting til! Me må gjere det før alt saman vert borte her!

 

 

 

 

 

Lødingen – ein GOD del av Noreg!

Min, din, vår – eller deira?

Lødingens frekvensar har kvikna opp til liv att

Lødingens frekvensar har kvikna opp til liv att

Språket er noko underleg. Etter fleire månadar utan at det har vore sendingar frå lokalradioen vart det starta opp att i dag. Denne gongen har me fått Radio Bø som konsesjonær.

Rett nok er det betre enn ingenting, men eg fekk ei viss kjensle av vemod då frekvensane våre kvikna opp til liv i dag.  Som kjent vart Radio Lødingen nedlagt ved nyttåret. Sidan då har det vore stille på 106,8 Mhz og 105,2 Mhz. Sjølv om eg ikkje var nokon fan av «dunk dunk»-musikken som regel dei sendte heile døgeret har eg sakna vår radio i bilen. Når eg har køyrt ut or Lødingen, eller har kommi heim att var det fint å høyre når eg nærma buplassen min, jo som bilen fanga opp vårt signal.

Det har med andre ord med eigedomsforhold å gjere. For meg er 106,8 Mhz og 105,2 Mhz framleis våre frekvensar, sjølv om eg nok skal venje meg til at det no er Bø sin region. Likevel skurrar det litt for meg då eg høyrer «din eigen lokalradio», noko som går att på Radio Bø og som ein og kan sjå på teksten i bilradioen.

Det skurrar nettopp på grunn av dette ordet «din». Er radioen «min» altså? Kan hende dei marknadsfører oss enkelte individ, og at eg såleis er målgruppa. Ikkje dess mindre vert han verande «vår» til meg. Han vert det alltid, også no at radioen korkje er min eller vår – men deira!

Lødingen fotoklubb!

Lødingen Kirke

Lødingen Kirke

Då eg sist spela i Lødingen og Vestbygd hadde Lødingen fotoklubb. Han skal visst no liggje i dvale.

Sidan den gongen har jo teknologien komme mykje lengre. Me har digitale fotoapparat. Det inneber at nesten alle kan bruke effektane som før ein måtte ha dyre utstyr til. Eg har vorti glad i svart og kvit. I det siste har eg byrja å eksperimentere med dei ymse filtrene ein kan bruke.

Det er jo akkurat no eg skulle ynskje me hadde fotoklubben! Eg synest det er spennande å sjå kva slags resultat det vert av det eg leikar med!

Eg skulle gjerne betalt kontingent, og vore med på klubben hadde han framleis funnest. Då vil eg spør, finst det nokon i Lødingen eller Vestbygd som og er interessert i fotografi? Eg vil gjerne kveikje fotoklubben vår ut or søvnen sin!

Ta kontakt!

 

Sommar i Lødingen

Tips! Du kan klikke på bileta for å få høgare oppløysning…

Trass tvilen til etterfølgjaren min på Finnsnes kan me oppleve sommar, også her til lands. I går fekk me det aldeles fint. Eg måtte berre ut med fotoapparatet. Desse er bileta mine!

Kåringen

Nær Kåringenkrysset, Lødingen

Eg har allereie skrive om «kongen». Dette er namnet eg kalla eit fjell mellom Lødingen og Vestbygd. Dette fjellet heiter eigenleg Sneistind – eg stava jo dette litt feil i engelskbloggen min siste gong eg skreiv om det. Til alt hell finnast det fleire som skriv blogg. Eg var nemleg inne på sida til ein familie som driv gård der. Då skjønna eg rettskrivinga! Så ville eg ha fleire bilete av dette fjellet i det nydelege sommarveret.

Kongen

«Kongen» solar seg!

Eg har også skrive om eit anna fjell – Hesten! Det vilje eg avgjord og ha eit bilete av på så fin ein dag! Her fant eg framleis at svart og kvit tente meg best, sjølv om eg også tok mange farga bilete .

Hesten

Hesten i sommarveret

Me har og eit fjell som, litt avhengig om årstida kan sjå litt skummelt ut. Eg veit ikkje kva dei kallar det, men eg har alt gjeve det namnet «Hovudskalle ». Om hausten er det spesielt merkbart. Då kan ein sjå to augo som glitrar når regnvatnet kastar tilbake solljoset. Kanskje du kan sjå denne hovudskallen i dette biletet?

Skull

«Hovudskallen»!

Så kjørte eg tilbake til Lødingen, og etter at eg hadde parkert bilen gjekk eg straks ned til strendene våre! De som las engelskbloggen i går veit at eg siterte bloggen til kollegaen min på Finnsnes. Han hadde jo skrive at det ikkje var så mange strender med sand her i Norge. Eg måtte berre lyse ut kva for nokre fine strender me kan by på her!

Spell

Ungdom spel fotball ved stranda

Likevel var det jo sand kollegaen min sakna, og så har eg tatt desse bileta. Eg har tatt mykje meir og sydd dei saman til eit! Då kan han sjå seg 360 grader runt ei av strendene våre. Sand har me rikeleg her i Lødingen. Me har faktisk fleire strender med den. Her er det berre å komme viss du er turist! Me treng pengane dine:)

Familietur

Ein familie nyttar sommarveret på stranda

Sjå godt på dette…. her er det sand: du treng ikkje leite lengre enn Lødingen!

Sand

Ei strand i Lødingen – med sand!

Om du lurar kva det er som ligg strødd over sanden, er det berre tang! Manglar me endå noko i det heile tatt for at me skal vere fullverdig badeby?

tang

Tang

Då har eg jo jobba hardt for å selje Lødingen og Vestbygd! Det er berre å stikke innom og vitje oss. Som det ein gong heit på ein kommunebrosjyre, Lødingen – ein god del av Norge! Velkommen skal du vere!

Sand

Sanden har me rikeleg av!