Arkiv

CQD-Kalender

juni 2017
S M T O T F S
« mai    
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930  

Kategori

Ymse

Då CQD gjerne handlar om dystre saker vert det skrive og om ymse andre ting. Då vonar eg det ikkje vert for mykje, rett og slett. Du kan lese nokre av desse andre tinga her.

Ny lov umyndiggjør alle som driver med nettside

Verna: Minneside for Sigurd og Anna Håkonseth

Det finst ingen utdrag, fordi innlegget er verna.

Kvifor veit så få om SeaMonkey?

SeaMonkey

SeaMonkey er etterfølgjaren til Netscape.

Eg har brukt SeaMonkey i to år. Det forundrar meg at ikkje fleire gjer det.

Mange veit ikkje ein gong kva det er for noko. Eg snakkar då om nettlesaren. I dag sver mange på Chrome, nokre andre på Safari, og enno er det nokre som held med Internet Explorer. Det er ikkje desse som forbløffar meg. Det er dei som har valt Firefox, og særleg dei som bruker Firefox med Thunderbird som eg ikkje heilt forstår.

Seamonkey gjer det same som begge to. Denne nettlesaren har eigentleg same «motor» som Firefox og Thunderbird. Det er same teknologi som ligg bak. Einaste forskjell er at alt skjer i ein prosess på maskinen din! Som den gamle Netscape er SeaMonkey ein «suite». Ja du får attpåtil ei adressebok, nettsideutviklar, og chatmodule på kjøpet – og det går mykje kjappare å surfe synest eg enn det gjer med Firefox.

Det er noko mystisk med oss menneske. Me bruker pengar på software som Microsoft Office, då alternativet Open Office er fullgod og kostar deg ikkje noko som helst! Eg må samstundes medgjeve at SeaMonkey godt kunne hatt meir publisitet: folk har rett og slett ikkje høyrt om han.

Likevel får du altso ein sterk oppfordring frå meg. Installer SeaMonkey på ditt system i dag, og prøv denne suiten ut. Om du kjem frå Firefox kan du faktisk innstille SeaMonkey å sjå ut som Firefox, visuelt, ved at du tek i bruk eit såkalla tema. Gjer det i dag!

DAB-fiaskoen

Eg byrjar å irritere meg over folka i radio.no. Like eins kjenner eg harm kvar gong eg høyrer løgnaktige påstandar om DAB- teknologien. Akkurat som folk gjorde med CD-en, då han kom ut, overdriv dei kor bra DAB-en er i dag. Sanningi er at DAB-en er langt ifrå så bra som dei vil ha det til.

DAB

Vestbygd.com kunne fortelje oss kor bra DAB-en skulle vere….

Grunnen til at eg er sinna på dei er at me er i ferd med å bytte ut ein teknologi med ein annen som ikkje er fullgod som den teknologien som skal bytast ut! Me skal altso bruke store pengar for å gå over til denne nye teknologien. Ikkje berre heime, men også i bilen må me investere i det nye utstyret. Så viser det seg at kvaliteten på FM-lyden er betre enn lyden på DAB-en, sjølv når mottakarforholda er ideelle og sjølv når FM- og DAB- signalet kjem ifrå den same masta – og kan såleis samanliknast!

Me kan lese at forskjellen mellom DAB-en og FM er at kvaliteten er så mykje betre, og at det ikkje er noka skuring på DAB slik det er med dårleg FM. Dette er tull! Det er verre enn tull fordi forvrenginga på DAB-en klårt er mykje verre enn noka skuring på FM. Jo dårlege signalet på FM, jo større bakgrunnsstøyen, men sjølve lyden som ein høyrer på vert lite påverka. Med DAB-en er det sjølve lyden du høyrer på som vert forvrengd. Likevel les me propagandaen overalt som fortel oss at det ikkje er skuring på DAB.

– Radiodekningen langs veiene vil bli mye bedre når de nasjonale DAB-nettene står ferdig, og lyden vil ikke ha sus og skurr som man opplever med dagens FM-signaler. – NAF

Denne propagandaen kan ein finne overalt. Som du kan sjå over Norges automobilforbund gjentek det også. Det er direkte misvisande, og forbrukarrådet burde sjå på dette. Ut ifrå denne falske påstanden vert bilistane oppfordra til å gå over til denne nye teknologien. Det er ein påstand som er falsk sjølv om Digitalradio Norge skulle lukkast i å betre dei elendige mottakarforholda langs vegane i dag. Det er falskt fordi når signalet vert svakt, vert lyden ein høyrer på forvrengd før DAB-en heilt kuttar ut. Og som sagt er det mykje verre å høyre lyden som vert forvrengd, enn å høyre skuring i bakgrunnen.

Når det gjeld forholda langs vegane er det langt å gå før ein kan skifte ut FM. Eg vil gå så langt å seie at DAB-en i dag er ubrukeleg. Det er i alle høve annleis til det me trudde me kunne glede oss til. I Vestbygd.com kunne me lese at det vil verte god dekning allereie frå hausten i fjor. Det skulle liksom vere ei julegåve.

Julegåve du liksom! Køyrer ein ifrå Lødingen- tettstadet er signalet borte allereie du er kommen til Kåringen. Radioen får ikkje noko signal att før ein kjem til Sneisa, og då er det berre nokolunde bra. Kvar busk eller tre som skuggar for signalet gjev skuring i lyd, og dette får du tole heilt til du kjem til Rinbø. Fleire plassar dett det heilt ut. Mellom Rinbø og Ytterstad kjem det og går, og så er det borte litt før du kjem til Vågehamn og du att får nokolunde gode mottakarforhold.

Heime har eg hatt eit godt DAB- signal. Men ikkje alle kanalar har vore sendt frå sendaren her på tettstadet. Og så har dei no endra kanalvalet. Eg får visstnok NRK Nyheiter som eg ikkje fekk før, men så har dette vore ved påkostnaden av at eg har mist NRK Klassisk. Eg likar det aldeles ikkje at me plutseleg kan finne at kanalar me har byrja å lytte til forsvinn, og at ein plutseleg kan få ein annen kanal istaden for.

Nei, dette er for dårleg. DAB-en er med rette kalla av sine kritikarar for ein fiasko. Det er berre at det er gått prestisje i dette at dei ikkje erkjenner det.

Attende til Finnsnes i Propria

Propria

Propria – noko eg definerer som klebunadar som ikkje er, men som liknar uniform når dei brukast saman

August i fjor kom Jon Blamire til Lødingen. Me heldt konsert til inntekt for kyrkjelyden vår.

Som Jon no seier på sin blogg var dette starten på eit samarbeid. No skal eg attende til Finnsnes. Han omtaler det svartkvite i Yorkshire Viking (og sjølvsagt denne systerbloggen CQD). Sjølvsagt er dette berre ein halvsanning: bloggane mine reserverer seg retten til å bruke farger, men sjølv når eg held meg til den vanlege utsjånaden er ikkje dette strengt talt svartkvit. Fargene som brukast kjem ifrå den gamle skuleuniforma mi. Eg kan og bruke grønt!

Heilt ifrå den fyste tida mi til lands har eg hatt vane for å bruke skuleslipset mitt til spesielle omstende. Eg gjorde det i august til konserten vår. Så har eg tradisjon for å ta det i bruk på julaftan. Eg kjem truleg til å gjere det når eg speler på Finnsnes. Men eg har ei anna mogeligheit…

Skuleslipset er i svært bra tilstand, og det ynskjer eg sjølvsagt å halde fram med å ha. Då eg gjekk på den tidlegare Polytekniske skulen i Huddersfield brukte eg noko eg kalla for propria. Dette vil seie klesplagg som i og av seg sjølv ikkje er uniform – men som liknar ho under vise samanhenger om dei vert brukt saman med kvarandre.

No har eg skaffa meg tre slips med grønt, kvit og svart som liknar skuleslipset. Om eg brukar eit av desse slipsa med kvit skorte, og svart bukser er den resulterande bunaden det eg definerer som propria. Ein kan også sjå propria i fargene til bloggane mine.