Arkiv

CQD-Kalender

juli 2017
S M T O T F S
« mai    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Kategori

Philosophical

Lødingen – på svart og kvitt!

Sand

Stranda i Lødingen på sommarstid

Eg har starta denne gruppa på fjesboka. Her finst det svartkvite bilete av kommunen vår.

Det er noko spesielt med svart og kvitt. Til dømast nokre bilete eg vart sendt i januar. Desse kjem ifrå arkivet til ungdomsskulen eg gjekk på (han vart jamna med jord i fjor). Dei fleste er svartkvite. At fargene manglar ser hjernen min heilt bort ifrå! Eg vert fanga og dregen inn i bileta og inne i den forsvunne skuleverda mi. Eg «ser» fargene til skuleuniformene våre like klart som om dei faktisk vart synlege. Hadde bileta vore i farge hadde ikkje denne opplevinga vore like sterk.

Eg fekk ideen for gruppa mi frå ei anna gruppe. Ho heiter «Doncaster Today in Black and White». Når ein arbeider i svart og kvitt vert ein samstundes meir oppteken av sjølve objekta som vert avbilda. Ian Barber, som starta den engelske gruppa, talar om å sjå det ein skal teke bilete av i hjernens auga – eller som det heiter på godt engelsk, at ein brukar «previsualisation» (eg trur me held oss til norsk!). For det som er viktig med all fotografi, anten han er farge eller svartkvit, er det at dette ikkje handlar om verkelegheita; det handlar heller om ei framstilling av verkelegheita, eller ei tolking av ho. Dette gjeld særleg når det er svart og kvitt.

Med svart og kvit er at ein også kan bruke farge – for effekt.

Eg er glad i Lødingen. Eg kom hit fyrst for tjue år sidan, og gløymte aldri denne plassen då eg jobba andre sted i landet vårt. Ikkje mindre glad vart eg då eg kom attende for to og eit halvt år sidan, men eg ser alle forandringane det har vore og kjenner vemodet over alt som er lagt ned. No veit me og at mykje talar for at det vert kommunesamanslåing om ikkje så lang tid, og Lødingen Kommune vil såleis verte historie. Svartkvitt egner seg spesielt godt til å dokumentere alt dette. Eg meiner det skal og dokumenterast fordi det kjem til å vere slutten på det som ein gong var eit viktig knutepunkt og eit politisk sentrum i Nord Noreg.

Med svart og kvitt vert ein teke inn i ei anna verkelegheit. På ein annen måte enn med fargebilete sluttar sjølve tidsomgrepet: grensa mellom notida og fortida vert uklar eller borte. Det var dette eg skreiv om i Yorkshire Viking (engelskbloggen min) i ein tidligare post om det gamle fortet på Nes. Det er nok difor eg har fått så sterke kjensler frå skulebileta eg har fått tilsendt. Hjernen ser bort ifrå at det ikkje er farger, og når du ser på svartkvite bilete set han inn det som manglar…. både av fargen og røynsler. Altso finn du deg då inne i bildet og inne i den andre verkelegheita. Når ein tek bilete av vakthuset og bommen på Nes kunne ein nesten tru det framleis var ein soldat på huset, då notida og fortida går inn i kvarandre på svartkvite bilete.

Som du ser frå eksempelet over går det paradoksalt an å bruke farge. Som me tidligare har kommentert handlar ikkje fotografi om verkelegheit, men ei framstilling eller tolking av ho. Me leiker med verkelegheita og det me oppfattar. Sjå på denne filmen (fra Schindler’s List) her for eit godt eksempel av denne teknikken.

Eg vonar gruppa vår vert sett pris på, og at fleire kjem til å bruke han til å dokumentere alt me har som gjør Lødingen til vår litle Lødingen! Det kan vere eit hus, det kan vere ei kyrkje eller ein skule. Det kan vere eit fjell, ein bekk eller ei strand. Uansett vonar eg at me saman kan dokumentere den fine plassen som me bur. Då har me det – på svart og kvitt!

 

Verna: Minneside for Sigurd og Anna Håkonseth

Det finst ingen utdrag, fordi innlegget er verna.

Eit relikt i gåva!

An English Translation of this post is available for members of Yorkshire Viking Norway.
relikt

Denne pennen vart laga frå byggjevyrket til skulen min.

I dag vart eg verkeleg overraska. På ein god måte! Ei pakke venta på meg i posten.

Overraskinga mi vart ikkje mindre då eg opna ho. Eg hadde fått eit relikt! Ein venn eg korresponderer med i England, som gjekk på skulen som eg gjekk på – denne skulen eg jo har skrive så mykje om i desse bloggane mine – hadde sendt meg denne pennen i gåva. Han er laga av sjølvaste byggjevyrket som vart redda då skulen vart lagt i grus.

Det er vanskeleg å beskrive korleis eg følte meg då eg heldt treverket som ein gong huste klassene våre – dei same klassene som ein gong huste meg! Her kjem språket og ord for kort.

Men engelsk er i alle høve fattigare enn norsk om eg faktisk ville freiste å setje ord på dette. Ja, det var ikkje så lenge sidan eg diskuterte det norske ordet «vemod» i eit forum på fjesboka. Utruleg nok var dette forumet for tidligare elever av denne same skulen. Det er nettopp det ordet «vemodig» som eg ville ha brukt for mine kjensler i dag, sjølv om dette ikkje så veldig godt kan omsetjast over til engelsk. Då me diskuterte dette på forumet meinte Ken Cooke, som har ei formidable innsikt om Noreg, at ordet «vemod» og «vemodig» vart best omsett til «melancholy» på engelsk. Medan dette strengt talt er riktig, passar det likevel ikkje for kjenslene eg følte på kroppen i dag.

Eg følte ærekjensle og sorg samtidig. På norsk var eg vemodig, men eg var og noko meir. Det er rett og slett umogleg å beskrive dette. Denne kjensla var like sterk som ho og var merkeleg. Det gjer noko med meg bare eg ser på denne pennen, som er eit regelrett relikt frå skuledagane mine.

Eg kjem nok ikkje til å ta pennen min på jobben. Han kjem til å vere der eg bur for at han ikkje kjem bort…. mine pennar på arbeidsplassen har nemleg ein vane for det! Eg har allereie takka vennen min ved e-post, men eg skal sjølvsagt no sende ho att eit ordentleg takkebrev i posten.

Dette var verkeleg ei stor overrasking. Eg lyser fred over Adwick ungdomsskule sitt minne.

GODT NYTTÅR

Kongens tale

Enn så lenge

Enn så lenge

Kommunegrensa til Lødingen Kommune – enn så lenge

Uttrykket «enn så lenge» kjem ifrå svensk. Fleire kjelder hevder at det er feil å bruke på norsk. Blant desse er korrekturavdelingen.no og Per Egil Hegge i Aftenposten, som kallar det for «svorsk».

No skal ikkje eg komme her og fortelje dei som alt er innfødde i dette landet kva som er rett norsk! Det vert litt feil. Men eg trur at i dette høvet tek desse feil lell.

Dei har vel rett logisk sett. At «enn så lenge» kjem frå «än så länge» på svensk slik Per Egil Hegge skriv er opplagd. Difor etter språkreglane vert det betre å seie inntil vidare på godt norsk, slik korrekturavdelingen.no råder.

Problemet er berre at det er mange ting som vert feil reint logisk. Skuleregelen at ein ikkje skal starta ei setning med eit bindeord som «men» eller «og» har sjølve Riksmålsforbundet lempa på. På engelsk vert det eigentleg feil å si «it’s me», men alle gjer det, akkurat som me gjer på norsk. Men på norsk kan du likevel bruka det som strengt tatt er rett («det er eg») utan å risikere at dei du snakkar med får latterkrampar. Seier du «it is I» på engelsk kan du nettopp hamne i denne situasjonen.

Eg synest reglar er viktige, og ikkje vil kasta dei utan grunn. Men «enn så lenge» no er vorte norsk, med eiga tyding. Det vert ikkje det same å seie inntil vidare. Det er fordi me brukar dette uttrykket ikkje berre om forhold som er inntil vidare men (og her har uttrykket fått ei spesiell tyding på folkemunnen) inntil vidare og noko meir. Eg tillét meg å definera dette, sidan andre synest ikkje å ha gjort det før meg.

Me seier enn så lenge om forhold som kan eller skal ta slutt, spesielt når desse hittil har vore permanente og spesielt når ein ottast eller ventar at desse same forholda kan ende. Ofte når ein brukar enn så lenge inneber det også store konsekvensar for nokon når det som me seier er til enn så lenge faktisk sluttar. For eksempel, om eg gjer ei mellombels avtale med ein musikkelev om å komme til kyrkja fordi skulen ikkje har funne nokre rom til undervisninga kunne eg godt ha skrive denne avtala har me inntil vidare. Her legg eg ikkje meir i det. Men om dårleg økonomi trugar stillinga mi, kan eg seie det er eg som er musikklærar enn så lenge.

Det er denne tydinga me må forstå når nokon talar om Statskyrkje – enn så lenge. Og det er denne tydinga som eg brukar no eg har byrja å dokumenta kommunen vår fotografisk, altso det som er Lødingen Kommune enn så lenge. Og då folk faktisk brukar dette uttrykket på denne måten – og det har så ei tyding som ikkje er identisk med inntil vidare – så må me då seie at det er rett og fullt godt norsk.