Arkiv

CQD-Kalender

mars 2019
S M T O T F S
« mai    
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  

Kategori

Philosophical

Det raude flagget for inkje?

Det raude flagget

Eg er stolt av denne plassen eg bur. Om dei ikkje er så mange som dei var siste gongen eg budde i Lødingen held dei tradisjonane sine i hevd.

Då korpsa lenge har vore på vikande front er me heldige å høyra dei på 1. mai, arbeidardagen! Korkje han eller 17. mai synast å have oppslutninga dei hadde då eg kom til lands i 1991. Likevel marsjerte dei og leidde 1.mai-toget vårt. Det var såleis ein fryd å vere med på denne markeringa, og eg skamroste dei av di eg var så takksam.

Eg gjekk i toget, eg og. Som eg allereie har vore inne på er det færre som bryr seg. Er det då noko poeng med det? Sidan det på enkelte plassar nærmast er folketomt er det forståeleg at innflyttarane kan få eit inntrykk at dagen er til for ikkje å gjere noko som helst – eit påskott for å take seg fri. Men dei tek feil.

Same argument kunne ein seia om kyrkjehøgtidene. Diverre er det og nærmast folketomt i nokre av kyrkjelydane våre då det eigentleg burde ha vore fullt. Eg kjenner ein prest som ein gong spøkte «men Christopher du kan jo ikkje arrangere noko for kyrkja i påske – for då er det påske!» Han gjorde spøk av det nokså mange brukar påsken til: fritida si i hytta og fjell, som om desse skulle vore grunnen til at dagen var raud i kalenderen. Kanskje ein kunne antyde slike dagar eigentleg var og eit påskott å take seg fri, eit påskott for ikkje å gjere noko som helst?

Eg kan berre oppfordre dei med slike tankar å vere med på toget, og høyra på talene. Her i Lødingen høyrte me at det ikkje var noko sjølvsagt at me har fred. Det var Erik Erikssen (frå arbeidarpartiet) som heldt den aller fyrste talen ved bautaen. Me vart minna om krigane og uretten i andre land. Me måtte ikkje take velstanden vår for gjeven. Kampen for rettferd måtte kjempast i våre dagar, og arbeidardagen handlar jo om solidaritet med alle som gjer det!

Den andre bloggen, Arctic Organist, tek seg ut or eit kynisk vinkel til 1. mai. CQD har eit anna syn. Så held me i denne bloggen med det raude flagget!