Arkiv

CQD-Kalender

september 2017
S M T O T F S
« mai    
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930

Kategori

Uncategorized

Kvifor veit så få om SeaMonkey?

SeaMonkey

SeaMonkey er etterfølgjaren til Netscape.

Eg har brukt SeaMonkey i to år. Det forundrar meg at ikkje fleire gjer det.

Mange veit ikkje ein gong kva det er for noko. Eg snakkar då om nettlesaren. I dag sver mange på Chrome, nokre andre på Safari, og enno er det nokre som held med Internet Explorer. Det er ikkje desse som forbløffar meg. Det er dei som har valt Firefox, og særleg dei som bruker Firefox med Thunderbird som eg ikkje heilt forstår.

Seamonkey gjer det same som begge to. Denne nettlesaren har eigentleg same «motor» som Firefox og Thunderbird. Det er same teknologi som ligg bak. Einaste forskjell er at alt skjer i ein prosess på maskinen din! Som den gamle Netscape er SeaMonkey ein «suite». Ja du får attpåtil ei adressebok, nettsideutviklar, og chatmodule på kjøpet – og det går mykje kjappare å surfe synest eg enn det gjer med Firefox.

Det er noko mystisk med oss menneske. Me bruker pengar på software som Microsoft Office, då alternativet Open Office er fullgod og kostar deg ikkje noko som helst! Eg må samstundes medgjeve at SeaMonkey godt kunne hatt meir publisitet: folk har rett og slett ikkje høyrt om han.

Likevel får du altso ein sterk oppfordring frå meg. Installer SeaMonkey på ditt system i dag, og prøv denne suiten ut. Om du kjem frå Firefox kan du faktisk innstille SeaMonkey å sjå ut som Firefox, visuelt, ved at du tek i bruk eit såkalla tema. Gjer det i dag!

GODT NYTTÅR

Kongens tale

Noko ligg på lur i lundane

Noko skjer

Dette er IKKJE teleløysing. Bartre døyr i regionen vår. Sjølv dei som er i potta takkar for seg.

Det skjer noko med bartrea våre. Dei døyr.

Nokon meiner det har med teleløysinga å gjere. Me har fått meldingar frå andre landsdelar og om hekkar og store grantre som døyr. Andre seier det er sopp. Så er det nokon som synest det må vere salt som vinterstormane har blåst i land. Eg trur det er ingen som veit.

Desse forklåringane vantar noko. Trea døyr overalt. Dei døyr i skogen, aleine, og attpåtil i potta! Om folk har lagt merke til at trea døyr – og mange har ikkje det til tross for den store tredauden – trur dei fleste at teleløysinga er årsaka. Dette kan vel ikkje verte tilfellet her?

Det er noko like «vakkert» som det er døyeleg. Trea som døyr vert fyrst misfarga, og tek du no ein tur ser trea i naturen nesten prektige ut – og det ville dei har vore hadde me ikkje visst at dei også kjem til å døy.

I Lødingen har me ein skogsti. Han er ubøteleg øydelagd allereie. Eg vart veldig glad i han, men eg ser at trea kjem ikkje att. Eg har alt spreidd bileta av denne skogstien på dei sosiale media. Uansett årsaka vert dette landet heilt bart om desse trea no skal fjernast, og det bør dei. Det er vanskeleg å greie ut om kor stort omfanget av dette er.

hekk

Dei døyr i hagane….

Dei som har hekk kan vel planta på nytt. Ute i naturen er det ikkje fullt så enkelt. Heile karakteren vert forandra.

Det er for eksempel nokre vakre vann opp ved Kåringen. Her døyr trea også. Snart vert ei naturperle borte.

Då me veit at i Jotunheimen dei framleis ikkje kan spise sopp og rein pga radioaktiviteten som kom ifrå Tsjernobyl – sjølv om atomulykka skjedde tusenvis kilometerar frå Norge – kan eg ikkje anna enn lure om Fukushima i Japan kan omsider ha fått noko innverknad. Media har visst nok fortalt oss om at reaktorane no er stengde, men me som les dei alternative media veit at situasjonen er alt anna enn under kontroll.

Eg har laga eit fotogalleri av dei sjuke trea våre. Du kan sjå det her. Eg synest at alle forklåringar me har fått så langt er spekulasjonar, og myndigheitene burde no ha undersøkt kva som skjer her. Om dette skjer med trea våre, kva skjer med oss menneske?

Kåringen

Desse trea på Kåringen har også vorte misfarga… og døyr.