Arkiv

CQD-Kalender

desember 2018
S M T O T F S
« mai    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Kategori

biskop

Ein perfekt storm i kyrkja

ironsisk side

Denne ironiske framstillinga har fått mange til å sjå raudt!

Eg vert stundom sint på meg sjølv når eg veit eg tidlegare har lese noko. Når eg så ynskjer å vise til dette hugsar eg ikkje kvar eg har lese det. Sånn er det med denne saka.

Eg har nemleg lese at nordmenn er dårleg på ironi. Lærarane på universiteta har klaga at studentane ikkje har tilstrekkeleg greie på han. Dette skal vere eit problem fordi det er mange tekstar dei dimed ikkje kan forstå. Det er nett dette eg ikkje hugsar kvar eg har lese.

Krev sida trekt tilbake

Biskopen i Hamar likar kyrkjerådet si side svært dårleg

No skulle eg gjerne ha vist til dette. Kyrkjerådet har komme i hardt ver for noko dei har offentleggjort på nettet. Dei ville setje ljos på einskilde ting i samfunnet vårt, og delvis fordi dei har brukt ironi (som mange ikkje forstår) har perfektjul.no utløyst ein storm protestar. Biskopen i Hamar krev att på til at dei trekk sida tilbake!

Visstnok er ironisk språk eit problem. Difor har eg ofte undrast meg over at «’Allo «Allo» og mange andre britiske TV-seriar er så populære til lands. Veit nordmenn flest at «’Allo «Allo» faktisk er ein parodi av den tidligare serien «The Secret Army»? Dette er ein såpass viktig samanheng at eg lurar kva vitsen er å sjå på desse TV-programma viss ein ikkje fyrst skjønnar dette, og det same gjelder bruken av ironi som gjennomskodar mesteparten av det engelske språket (og komedien).

Altso har kyrkjerådet teke eit kraftig oppgjer med den norske sjølvgodskapen, og den kommersielle jula som heilt har overskugga juleevangeliet. Medan dårleg forståing på ironien nok er del av problemet , trur eg at grunnen til denne stormen faktisk ligg i at bodskapen til kyrkjerådet har treft godt. Eg trur han ha treft for godt!

Biskop Solveig Fiske iretteset kyrkjerådet for at dei harselerer utsette grupperingar. Sanninga kan heller vere at kyrkjerådet har fortstyret den gode roen til Ola og Kari Nordmann. Dei ville nok helst feire jula utan å verte mint om slike forhold som kyrkjerådet no set ljos på i perfektjul.no – sjølvsagt gjennom ironi og overdriving?  Kan hende Ola og Kari ha då vorte arge – og biskopen med dei?

Uansett er det på plass å konstatere at perfektjul.no ikkje harselerer med nokon; snarare tvert imot. Det er opplagt (for alle som forstår at sida ikkje kan tydast bokstaveleg) at bodskapen er stikk det motsetta av det som vert skrive. Sånn er det berre med ironi.

Eg vil tilføye som tidlegare engelskmann at eg er imponert med kyrkjerådet. Eg trudde nemleg ikkje nokon meistra denne kunnskapen her til lands. Perfektjul.no kunne ha vore skrive av ein engelskmann sjølv, det er så ironisk.

Imponert er eg derimot ikkje med biskop Solveig Fiske og hylekoret hennar, dei som krev sida trekt att. Dette kallar eg for uverdig. Diverre viser dei ikkje berre sine sanne fargar – men ei mindre enn hyggeleg side til det norske samfunnet som snakkar så høgt til andre om toleranse. Dette kallar eg for dobbelmoral.

Det er kanskje på plass at eg slutta dette innlegget nett med ein ironi. Det eg reagerer på er at det er så innmari galt å skrive ironisk for å fremje rettferdigheit – underforstått det sømmelege i kyrkja vår. MEN nokre av dei som vert støytt av sida til kyrkjerådet synest det heilt uproblematisk med ei sirkus i gudsteneste! Eg som likar denne sida gjer det fordi eg har sans for det heilage, ikkje fordi eg vil harselere nokon! Eg tvilar desse er i stand til å sjå kor ironisk dette er!