Arkiv

CQD-Kalender

juli 2017
S M T O T F S
« mai    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Kategori

fotografi

Lødingen – på svart og kvitt!

Sand

Stranda i Lødingen på sommarstid

Eg har starta denne gruppa på fjesboka. Her finst det svartkvite bilete av kommunen vår.

Det er noko spesielt med svart og kvitt. Til dømast nokre bilete eg vart sendt i januar. Desse kjem ifrå arkivet til ungdomsskulen eg gjekk på (han vart jamna med jord i fjor). Dei fleste er svartkvite. At fargene manglar ser hjernen min heilt bort ifrå! Eg vert fanga og dregen inn i bileta og inne i den forsvunne skuleverda mi. Eg «ser» fargene til skuleuniformene våre like klart som om dei faktisk vart synlege. Hadde bileta vore i farge hadde ikkje denne opplevinga vore like sterk.

Eg fekk ideen for gruppa mi frå ei anna gruppe. Ho heiter «Doncaster Today in Black and White». Når ein arbeider i svart og kvitt vert ein samstundes meir oppteken av sjølve objekta som vert avbilda. Ian Barber, som starta den engelske gruppa, talar om å sjå det ein skal teke bilete av i hjernens auga – eller som det heiter på godt engelsk, at ein brukar «previsualisation» (eg trur me held oss til norsk!). For det som er viktig med all fotografi, anten han er farge eller svartkvit, er det at dette ikkje handlar om verkelegheita; det handlar heller om ei framstilling av verkelegheita, eller ei tolking av ho. Dette gjeld særleg når det er svart og kvitt.

Med svart og kvit er at ein også kan bruke farge – for effekt.

Eg er glad i Lødingen. Eg kom hit fyrst for tjue år sidan, og gløymte aldri denne plassen då eg jobba andre sted i landet vårt. Ikkje mindre glad vart eg då eg kom attende for to og eit halvt år sidan, men eg ser alle forandringane det har vore og kjenner vemodet over alt som er lagt ned. No veit me og at mykje talar for at det vert kommunesamanslåing om ikkje så lang tid, og Lødingen Kommune vil såleis verte historie. Svartkvitt egner seg spesielt godt til å dokumentere alt dette. Eg meiner det skal og dokumenterast fordi det kjem til å vere slutten på det som ein gong var eit viktig knutepunkt og eit politisk sentrum i Nord Noreg.

Med svart og kvitt vert ein teke inn i ei anna verkelegheit. På ein annen måte enn med fargebilete sluttar sjølve tidsomgrepet: grensa mellom notida og fortida vert uklar eller borte. Det var dette eg skreiv om i Yorkshire Viking (engelskbloggen min) i ein tidligare post om det gamle fortet på Nes. Det er nok difor eg har fått så sterke kjensler frå skulebileta eg har fått tilsendt. Hjernen ser bort ifrå at det ikkje er farger, og når du ser på svartkvite bilete set han inn det som manglar…. både av fargen og røynsler. Altso finn du deg då inne i bildet og inne i den andre verkelegheita. Når ein tek bilete av vakthuset og bommen på Nes kunne ein nesten tru det framleis var ein soldat på huset, då notida og fortida går inn i kvarandre på svartkvite bilete.

Som du ser frå eksempelet over går det paradoksalt an å bruke farge. Som me tidligare har kommentert handlar ikkje fotografi om verkelegheit, men ei framstilling eller tolking av ho. Me leiker med verkelegheita og det me oppfattar. Sjå på denne filmen (fra Schindler’s List) her for eit godt eksempel av denne teknikken.

Eg vonar gruppa vår vert sett pris på, og at fleire kjem til å bruke han til å dokumentere alt me har som gjør Lødingen til vår litle Lødingen! Det kan vere eit hus, det kan vere ei kyrkje eller ein skule. Det kan vere eit fjell, ein bekk eller ei strand. Uansett vonar eg at me saman kan dokumentere den fine plassen som me bur. Då har me det – på svart og kvitt!