Arkiv

CQD-Kalender

juli 2017
S M T O T F S
« mai    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Kategori

lødingen

Lødingen – på svart og kvitt!

Sand

Stranda i Lødingen på sommarstid

Eg har starta denne gruppa på fjesboka. Her finst det svartkvite bilete av kommunen vår.

Det er noko spesielt med svart og kvitt. Til dømast nokre bilete eg vart sendt i januar. Desse kjem ifrå arkivet til ungdomsskulen eg gjekk på (han vart jamna med jord i fjor). Dei fleste er svartkvite. At fargene manglar ser hjernen min heilt bort ifrå! Eg vert fanga og dregen inn i bileta og inne i den forsvunne skuleverda mi. Eg «ser» fargene til skuleuniformene våre like klart som om dei faktisk vart synlege. Hadde bileta vore i farge hadde ikkje denne opplevinga vore like sterk.

Eg fekk ideen for gruppa mi frå ei anna gruppe. Ho heiter «Doncaster Today in Black and White». Når ein arbeider i svart og kvitt vert ein samstundes meir oppteken av sjølve objekta som vert avbilda. Ian Barber, som starta den engelske gruppa, talar om å sjå det ein skal teke bilete av i hjernens auga – eller som det heiter på godt engelsk, at ein brukar «previsualisation» (eg trur me held oss til norsk!). For det som er viktig med all fotografi, anten han er farge eller svartkvit, er det at dette ikkje handlar om verkelegheita; det handlar heller om ei framstilling av verkelegheita, eller ei tolking av ho. Dette gjeld særleg når det er svart og kvitt.

Med svart og kvit er at ein også kan bruke farge – for effekt.

Eg er glad i Lødingen. Eg kom hit fyrst for tjue år sidan, og gløymte aldri denne plassen då eg jobba andre sted i landet vårt. Ikkje mindre glad vart eg då eg kom attende for to og eit halvt år sidan, men eg ser alle forandringane det har vore og kjenner vemodet over alt som er lagt ned. No veit me og at mykje talar for at det vert kommunesamanslåing om ikkje så lang tid, og Lødingen Kommune vil såleis verte historie. Svartkvitt egner seg spesielt godt til å dokumentere alt dette. Eg meiner det skal og dokumenterast fordi det kjem til å vere slutten på det som ein gong var eit viktig knutepunkt og eit politisk sentrum i Nord Noreg.

Med svart og kvitt vert ein teke inn i ei anna verkelegheit. På ein annen måte enn med fargebilete sluttar sjølve tidsomgrepet: grensa mellom notida og fortida vert uklar eller borte. Det var dette eg skreiv om i Yorkshire Viking (engelskbloggen min) i ein tidligare post om det gamle fortet på Nes. Det er nok difor eg har fått så sterke kjensler frå skulebileta eg har fått tilsendt. Hjernen ser bort ifrå at det ikkje er farger, og når du ser på svartkvite bilete set han inn det som manglar…. både av fargen og røynsler. Altso finn du deg då inne i bildet og inne i den andre verkelegheita. Når ein tek bilete av vakthuset og bommen på Nes kunne ein nesten tru det framleis var ein soldat på huset, då notida og fortida går inn i kvarandre på svartkvite bilete.

Som du ser frå eksempelet over går det paradoksalt an å bruke farge. Som me tidligare har kommentert handlar ikkje fotografi om verkelegheit, men ei framstilling eller tolking av ho. Me leiker med verkelegheita og det me oppfattar. Sjå på denne filmen (fra Schindler’s List) her for eit godt eksempel av denne teknikken.

Eg vonar gruppa vår vert sett pris på, og at fleire kjem til å bruke han til å dokumentere alt me har som gjør Lødingen til vår litle Lødingen! Det kan vere eit hus, det kan vere ei kyrkje eller ein skule. Det kan vere eit fjell, ein bekk eller ei strand. Uansett vonar eg at me saman kan dokumentere den fine plassen som me bur. Då har me det – på svart og kvitt!

 

Verna: Minneside for Sigurd og Anna Håkonseth

Det finst ingen utdrag, fordi innlegget er verna.

Diakon i Lødingen

Diakon

Per Olofsson er tilsett som diakon i soknet vårt

I dag startar eit nytt kapitel for Lødingen sokn. Me har tilsett diakon!

Han heiter Per Olofsson, og kjem ifrå Sverige. Han har nemleg køyrt heilt ifrå Örebro. Han kom fram til lille Lødingen berre i går, og han skal byrje i morgon. Den nye diakonen vår bur faktisk i same huset som eg. Han leiger sjølve huset medan eg bur i kjellarleilegheita. Difor har eg foreslege me døype huset vårt til «Church House»!

Diakoni er utruleg viktig. Eg skuldar mykje til kyrkjelyden i Indre Arna for eksempel. Då eg vart sjuk i 2003 vart eg oppsøkt heime av besøkstenesta deira – noko som er diakoni sett ut i praksis. Det var heilt avgjørande for meg at eg ikkje vart deprimert då eg var sjukmeldt.

Me ynskjer Per Olofsson til lukke i sitt arbeid som diakon i Lødingen!

 

Eit år i Lødingen

Som eg tidlegare har fortalt jobba eg i Lødingen frå 1994 til 1998. På den tid brukte dei slagordet Lødingen – ein god del av Noreg . Dei skrev (visstnok) dette på bokmål!

I alle år har eg hugsa denne delen av landet vårt. Då eg fylla 40 år i 2004 vart eg overraska med ei bursdagsfeiring som kyrkjelyden i Arna stod bak. Presten heldt tale, og sa at han hadde inntrykket om at eg ikkje heilt var ferdig med Nord Noreg. Orda hans skulle vise seg å vere profetisk.

1. desember 2012

1. desember 2012. Dette biletet er teke ifrå Kongsvik, i retning Lødingen. Her i riket mitt!

Det vart aldri nokon plan at eg skulle tilbake hit. Likevel skjedde det, og for nøyaktig eit år sidan byrja eg å flytte tilbake. Då eg måtte køyre fleire gonger mellom gamle bustad og det nye var eg ikkje ferdig med flyttinga før den 3. desember.

Hotel

Brygga Hotel. Drifta leggjast ned frå nyttåret.

«Korleis er det å komme tilbake til Lødingen» er eg ofte spurt. Fyrst var eg overlag glad! Presten i Arna hadde rett. Ein av dei aller fyrste tinga som eg gjorde var å køyre ut til fjæra i Vestbygd. Om me skulle høyre i morgon at det kjem ein asteroide, og at han er såpass stor at det vert slutt på alt liv på jorda trur eg hadde teke meg turen dit for å nyte mine siste timar. Der føler eg nemleg fred i sjela. Har du Windows 7 kan du vere med på fjæra du og

Gammalt fort

Siste gong eg jobba i Lødingen måtte ein stanse her. Det er så uverkeleg at alle soldatane no er borte, og at det ikkje er forbode å gå her!

Likevel har det vore begge delar å komme tilbake. Fyrste dagen eg var på jobb måtte eg tinga postboks, og då viste det seg at ein av mine tidlegare pianoelevar jobba i butikken. Det var nemleg han som ordna postboksen til meg. Det var jo ei merkeleg kjensel då eg møtte han!

Så er det også ei side av å vere her som slett ikkje er bra. Lødingen slit med økonomien, og eg merka den store tilbakegangen sidan eg sist var her. Fortet er lagt ned, Telenor er borte, og mange butikkar er forsvunne. Jamvel i min fyrste månad tilbake her mista me lokalradioen, og han er no overteken av Radio Bø. Denne veka fekk me høyre hotellet og legg ned drifta frå nyttåret.

Denne utviklinga gjer meg lei. På skulane er det og store utfordringar. Me kan sjå sprekkar i veggen, golvbelegg som er slite, og ein skule som hadde cirka 150 elevar då han vart bygd har berre 23 att – og han går no ei usikker framtid i møte.

Nettopp dei som bur i Vestbygd og nettopp denne skulen kjempar likevel på ein måte me alle kan lære av! Dei er flinke til å arrangere ting, og når enn dei gjer det stiller dei opp alle saman.

Eg har skrive om Rockkonserten deira, og så på initiativet deira vart det og ein

Eg elskar desse folkene!

Alle stiller opp når noko skjer i Vestbygd. Denne «happening» var Folk og røvere i Kardemomme by – eg ELSKAR desse folka! Dei får det til!

klassisk konsert i kyrkja der – me fekk ein toppklasses musikar ifrå Tyskland! Så kom det cirka 75 for å høyre han! Så fekk dei med rette ros ifrå journalisten då dei nyleg – atter ein gong til fullt hus – satt opp musikalen Folk og røverne i Kardemomme By.

Eg beundrar dei som bur i Vestbygd. Me må lære noko av dei. Dei får ting til! Me må gjere det før alt saman vert borte her!

 

 

 

 

 

Lødingen – ein GOD del av Noreg!