Arkiv

CQD-Kalender

oktober 2018
S M T O T F S
« mai    
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Kategori

nostalgi

Eit relikt i gåva!

An English Translation of this post is available for members of Yorkshire Viking Norway.
relikt

Denne pennen vart laga frå byggjevyrket til skulen min.

I dag vart eg verkeleg overraska. På ein god måte! Ei pakke venta på meg i posten.

Overraskinga mi vart ikkje mindre då eg opna ho. Eg hadde fått eit relikt! Ein venn eg korresponderer med i England, som gjekk på skulen som eg gjekk på – denne skulen eg jo har skrive så mykje om i desse bloggane mine – hadde sendt meg denne pennen i gåva. Han er laga av sjølvaste byggjevyrket som vart redda då skulen vart lagt i grus.

Det er vanskeleg å beskrive korleis eg følte meg då eg heldt treverket som ein gong huste klassene våre – dei same klassene som ein gong huste meg! Her kjem språket og ord for kort.

Men engelsk er i alle høve fattigare enn norsk om eg faktisk ville freiste å setje ord på dette. Ja, det var ikkje så lenge sidan eg diskuterte det norske ordet «vemod» i eit forum på fjesboka. Utruleg nok var dette forumet for tidligare elever av denne same skulen. Det er nettopp det ordet «vemodig» som eg ville ha brukt for mine kjensler i dag, sjølv om dette ikkje så veldig godt kan omsetjast over til engelsk. Då me diskuterte dette på forumet meinte Ken Cooke, som har ei formidable innsikt om Noreg, at ordet «vemod» og «vemodig» vart best omsett til «melancholy» på engelsk. Medan dette strengt talt er riktig, passar det likevel ikkje for kjenslene eg følte på kroppen i dag.

Eg følte ærekjensle og sorg samtidig. På norsk var eg vemodig, men eg var og noko meir. Det er rett og slett umogleg å beskrive dette. Denne kjensla var like sterk som ho og var merkeleg. Det gjer noko med meg bare eg ser på denne pennen, som er eit regelrett relikt frå skuledagane mine.

Eg kjem nok ikkje til å ta pennen min på jobben. Han kjem til å vere der eg bur for at han ikkje kjem bort…. mine pennar på arbeidsplassen har nemleg ein vane for det! Eg har allereie takka vennen min ved e-post, men eg skal sjølvsagt no sende ho att eit ordentleg takkebrev i posten.

Dette var verkeleg ei stor overrasking. Eg lyser fred over Adwick ungdomsskule sitt minne.