Tinden er tilbake!
There is now an English Translation available exclusively for members of Yorkshire Viking Norway.

Sneistinden pryder att denne bloggen min
Denne bloggen starta då eg slutta i Lenvik sokn. Det er der Jon Blamire no jobbar.
Eg hadde nyleg erverva statsborgarskapet mitt, og sette meg difor føre for å skrive kun på norsk (legg merke til at eg nytta bokmål då denne bloggen vart lansert). Tanken min var å avslutta engelskbloggen som eg hadde halde ved like sidan eg byrja i jobben eg då slutta i.
Då arbeidet med denne bloggen altso vart teke opp var eg på veg inn i ei ny tid. Eg skulle attende til Lødingen kvar eg hadde vore organist mange år før. Difor valde eg å la Sneistinden få pryde bloggen min. Eg minnest så vel dette fjell, som Elias Blix har skrive! Eg såg Sneistinden nemleg kvar gong eg hadde oppdrag i Vestbygd (ein del av Lødingen-sokn) og ikkje minst på grunn av at for meg han faktisk er eit symbol på den tida eg fór til England med to gutar derifrå – ein av dem som budde ikkje så langt ifrå denne tinden. Det var den turen til Adwick Ungdomskule som då framleis eksisterte. Eg hadde hugsa dette fjellet, og det hadde vorte eit ikon for meg som stod både for tida mi her i Lødingen men også for skulen min. Difor vart Sneistinden sett i høgsetet då www.cqd.nu kom «online».
Det var akkurat ungdomsskulen min som skulle verte årsak til at eg utvikla eit felles fargeskjema til begge bloggane mine, også til bloggen som no heiter Yorkshire Viking Norway (han het Play My Tune då). Skulesaka kom fort til å prege både det eg skreiv på norsk og engelsk. Sneistinden vart difor bytt ut fyrst med den nye logoen min, og sidan med eit bilete som Janet Roberts har teke av den plassen skulen min ein gong var – han er som kjent no jamna med jord. Janet hadde gått på denne same skulen og slost lenge mot dei makthavande for at han skulle bergast. Biletet hennar finst framleis på engelskbloggen.
Meininga var at den andre bloggen min skulle nedleggjast. Men så kjem jo Blamire plutseleg inn med ein splittande ny blogg som heiter Arctic Organist! Eg skulle vel ikkje la han blogge her utan konkurranse? Ikkje berre kom han til lands frå South Carolina USA, men så ville han attpåtil gjere det eg alt hadde gjort alle dei åra før han reiste hit! Løysninga vart at engelskbloggen vart sjølvsagt berga, og begge bloggar vart gjort til ein såkalla «tvillingblogg». Dei er framleis to sjølvstendige bloggar, men dei deler ein felles utsjånad.
Biletet til Janet Roberts er veldig fint, og eg har skrive om det i Yorkshire Viking Norway. Der kjem det og til å ha den plassen eg no gjev att i denne bloggen til Sneistinden. Der hører det biletet nemleg heime, medan her på norskbloggen er Sneistinden langt meir naturleg.
Ironisk nok er jo Sneistinden også eit symbol på den siste kontakten eg hadde med ungdomsskulen min. Begge bloggane mine skal difor fortsette å bruke same fargeskjemaet og logo. Desse kjem begge to sjølvsagt også frå skuledagane mine.
Eg lyser fred på Adwick School sitt minne.
Skulens siste dagar

Her har eg ikkje vore sidan eg var 16 år gammal! No vert ungdomsskulen min borte for alltid.
Adwick School (ungdomsskulen min) har dominert engelskbloggen i over eit år. Også her på CQD-bloggen har eg skrive om han. No går det mot slutten.
Forrige veka opna skulen for tidligare elevar slik at dei kunne sjå han ein siste gong. Denne veka er det nemleg siste gongen skulen skal brukast, og når elevane går heim att denne torsdagen er det snipp, snapp snute – eventyret er ute. Lærene skal flytte sakene sine til nyskulen i romjula. Skulen min vert då jamna med jorda i det nye året.
Blant desse gamle elevane var to av mine eigne skulevener, Deborah Grace og Jill Jenkins. Dei sende meg bilete frå skuleturen sin. Eg trur dei delar vemodet som eg og har skrive om i begge mine bloggar. Det er ei merkelig kjensel. Verda vår går no under!
Visst veit eg at ho er alt borte allereie i dag. Gamleskulen er kun eit skal, og det som var vår verd er fare ut or det for lenge sidan. Likevel kjenner eg meg vemodig idag! No nærmar det seg. Den siste leivninga etter barndomen vår snart skal vere borte.
Mon tru det er ei påminning om dauden som gjer denne tida så spesiell – at me kjenner klumpen i halsen over noko som me var ferdige med for tretti år sidan? Eg har no mista begge foreldra mine, men sjølv om eg aldri har vore der viste eg at skulen eg gjekk på ikkje hadde forandra noko, i alle fall ikkje særleg, sidan eg sjølv var gut. No er denne resten etter barndommen snart borte for alltid…. vel ei påminning om at ikkje noko varer evig, heller ikkje lekamen.
Eg trur det er difor me opplever dette så sterkt. Også me skal då fare hen.
Herre, du hev vore ein bustad for oss frå ætt til ætt. Fyrr fjelli vart til, og du skapte jordi og heimen, ja frå æva og til æva er du, Gud. Du let menneskja verta til dust att og segjer: Vend um att, de mannsborn! For tusund år er i dine augo som dagen i går når han lid, som ei vakt um natti. Du riv dei burt som i flaum, dei vert som ein svevn. Um morgonen er dei som groande graset; um morgonen blømer det og gror, um kvelden visnar det burt og turkast upp. – Salme 90 v1-6