Arkiv

CQD-Kalender

desember 2018
S M T O T F S
« mai    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Kategori

Vestbygd

Eit år i Lødingen

Som eg tidlegare har fortalt jobba eg i Lødingen frå 1994 til 1998. På den tid brukte dei slagordet Lødingen – ein god del av Noreg . Dei skrev (visstnok) dette på bokmål!

I alle år har eg hugsa denne delen av landet vårt. Då eg fylla 40 år i 2004 vart eg overraska med ei bursdagsfeiring som kyrkjelyden i Arna stod bak. Presten heldt tale, og sa at han hadde inntrykket om at eg ikkje heilt var ferdig med Nord Noreg. Orda hans skulle vise seg å vere profetisk.

1. desember 2012

1. desember 2012. Dette biletet er teke ifrå Kongsvik, i retning Lødingen. Her i riket mitt!

Det vart aldri nokon plan at eg skulle tilbake hit. Likevel skjedde det, og for nøyaktig eit år sidan byrja eg å flytte tilbake. Då eg måtte køyre fleire gonger mellom gamle bustad og det nye var eg ikkje ferdig med flyttinga før den 3. desember.

Hotel

Brygga Hotel. Drifta leggjast ned frå nyttåret.

«Korleis er det å komme tilbake til Lødingen» er eg ofte spurt. Fyrst var eg overlag glad! Presten i Arna hadde rett. Ein av dei aller fyrste tinga som eg gjorde var å køyre ut til fjæra i Vestbygd. Om me skulle høyre i morgon at det kjem ein asteroide, og at han er såpass stor at det vert slutt på alt liv på jorda trur eg hadde teke meg turen dit for å nyte mine siste timar. Der føler eg nemleg fred i sjela. Har du Windows 7 kan du vere med på fjæra du og

Gammalt fort

Siste gong eg jobba i Lødingen måtte ein stanse her. Det er så uverkeleg at alle soldatane no er borte, og at det ikkje er forbode å gå her!

Likevel har det vore begge delar å komme tilbake. Fyrste dagen eg var på jobb måtte eg tinga postboks, og då viste det seg at ein av mine tidlegare pianoelevar jobba i butikken. Det var nemleg han som ordna postboksen til meg. Det var jo ei merkeleg kjensel då eg møtte han!

Så er det også ei side av å vere her som slett ikkje er bra. Lødingen slit med økonomien, og eg merka den store tilbakegangen sidan eg sist var her. Fortet er lagt ned, Telenor er borte, og mange butikkar er forsvunne. Jamvel i min fyrste månad tilbake her mista me lokalradioen, og han er no overteken av Radio Bø. Denne veka fekk me høyre hotellet og legg ned drifta frå nyttåret.

Denne utviklinga gjer meg lei. På skulane er det og store utfordringar. Me kan sjå sprekkar i veggen, golvbelegg som er slite, og ein skule som hadde cirka 150 elevar då han vart bygd har berre 23 att – og han går no ei usikker framtid i møte.

Nettopp dei som bur i Vestbygd og nettopp denne skulen kjempar likevel på ein måte me alle kan lære av! Dei er flinke til å arrangere ting, og når enn dei gjer det stiller dei opp alle saman.

Eg har skrive om Rockkonserten deira, og så på initiativet deira vart det og ein

Eg elskar desse folkene!

Alle stiller opp når noko skjer i Vestbygd. Denne «happening» var Folk og røvere i Kardemomme by – eg ELSKAR desse folka! Dei får det til!

klassisk konsert i kyrkja der – me fekk ein toppklasses musikar ifrå Tyskland! Så kom det cirka 75 for å høyre han! Så fekk dei med rette ros ifrå journalisten då dei nyleg – atter ein gong til fullt hus – satt opp musikalen Folk og røverne i Kardemomme By.

Eg beundrar dei som bur i Vestbygd. Me må lære noko av dei. Dei får ting til! Me må gjere det før alt saman vert borte her!

 

 

 

 

 

Lødingen – ein GOD del av Noreg!