Arkiv

CQD-Kalender

juli 2017
S M T O T F S
« mai    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Kategori

Velkommen til bloggen min

Ein ny tid for CQD-bloggen: nynorsk!

C.Q.D-bloggen handlar attimellom om omstridde tema. Han hentar namnet ifrå det gamle naudsignalet til sjøs. Angjeveleg vart dette brukt siste gong då RMS Titanic gjekk til bunns saman med «S.O.S»-signalet me brukar no.CQD tar navnet sitt fra Titanic

Denne bloggen byrja då eg flytta tilbake til Lødingen i fjor, men eg skrev ein annan «C.Q.D» blogg for nokre år sidan. Han vart lagt ned i 2007. Den gongen var eg mest oppteken med oljetoppen, og eg brukte bloggen min for å setje fokus på dei sakene som eg spesielt syntest trong oppmerksamheit (og difor heite jo han «C.Q.D»)

Nokre endringar har det vore sidan då. Den fyrste «C.Q.D»-bloggen var del av VG (Verdens Gang sine bloggar) medan han du no les ligg på min eigen server. Eg bestemmer såleis sjølv utsjånaden i WordPress. Den viktigaste forandringa er at denne bloggen ikkje berre handlar om dei tunge sakene, men også om ymse andre ting. 

C.Q.D-bloggen omtalar framleis omstridde tema. Det skulle berre mangle! Du finn desse om du slår opp i kategorien «CQD Hovudsakene». Dei andre tinga, som kanskje freistar deg meir finn du i de andre kategoriane «Diverse», «Gudstenestereform», «Kultur», og «Lødingen». Du kan sjå postane som ligg under kvar desse kategoriane ved å klikke på knappen som ligg øverst på denne sida.

Den siste forandringa er denne velkomstsida, og aller viktigaste at eg nøyder meg no å bruke nynorsk. Så takkar eg for besøket ditt, og vonar du trivst her!

KLIKK HER for å komme inn på bloggen min!